*


24 april 2016




Margaret Hennum:

Appell – mot barnevernet


Appellen vart halde under demonstrasjonen i Stryn den 16. april, mot overgrepa i norsk barnevern.



Appellen er publisert her med forfatterens velvillige samtykke.
MH Skånland



Eg er barnesjukepleiar og har arbeidd med sjuke born og familier i krise i snart heile mitt vaksne liv. Og eg er mor til to born, men har likevel aldri hatt med barnevernet å gjere. So kvifor står eg her då?

Jau, for 8 år sidan las eg ei bok som heiter «Maktovergrep og justismord» av Berit Aarset; ei bestemor som fortalde om då barnevernet fjerna den friske og sunne eittåringen frå mora. 

Eg, som knappast hadde tenkt på barnevernet tidlegare, fekk meg ein augeoppnar so gjer at eg kan ikkje la vere å stå her!

Etter eg las boka såg eg at alarmerande mange har liknande historier. Og eg har sett at barnevernet, som har ordet «vern» i namnet sitt, er ingen vernar, men har sjøl vorte ein stor trussel mot liv og helse til borna våre!

Barnevernet har som uttalt mål å fjerne stadig fleire born frå heimane, og dei gjer det. Men det er ikkje dei vanskjøtte borna dei fjernar. Flesteparten av dei er friske velfungerande born, utan teikn på vanskjøtsel.

Det kan ikkje stemme, seier du; det må vere noke meir, ikkje sant! Jau, for so vidt er det det, men ikkje der ein skulle tru. For barnevernet trur seg nemleg istand til å vurdere kven som er i stand til å fostre born eller ikkje.

So sjøl om borna for so vidt har det ok no saman med foreldra, meiner dei å sjå foreldra som ein trussel for borna i framtida. So gjer dei akuttvedtak om fjerning, og påfører barnet det største tapet eit barn kan få: tap av foreldre, tap av syskjen, tap av besteforeldre, venner og alt dei høyrer til!

Det er over 50 år sidan at helsevesenet forstod at foreldre laut vere med når borna var innlagde på sjukehus. Helsevesenet forstod då at sinnet, fortvilinga og til slutt apatien som borna viste der dei låg aleine i sjukesenga, var tapsreaksjonar, naturlege reaksjonar på tap av foreldra. No 50 år seinare skil barnevernet stadig fleire born frå familiene sine, og barnevernarane er stolte av det!

Ida-saka som Stavanger Aftenblad skreiv om no nyst, fortel om ei jente som vart aggressiv fyrst etter barnevernet kom inn i bildet. I mangt eit notat beskriv barnevernet borna dei har fjerna, som aggressive, fortvila og deprimerte.

Barnevernsadvokaten Sverre Kvilhaug seier at i alle dei sakene han har vore inne i, so har han ALDRI opplevd at barnevernet har reflektert over om dei sjølve kan ha skapt aggressive, fortvilte og deprimerte born; desse naturlege reaksjonane på tap av familie.


Heimlause, lengtande og utrygge born, vert skadde born. Dei vert sette tilbake i utvikling og vert hindra ei normal og sunn utvikling. Barnevernet, som raskare og raskare produserer desse heimlause borna, kan ikkje vite kva det vil sei å høyre til!

I tiår har dei profilert seg for andre samfunnsinstitusjonar, som helsestasjon, skule, sjukehus og Bufetat, i tillegg til barne- og ungdomsorganisasjonar, som nokon ein må melde frå til ved den minste uro over eit barn. Mange har fylgt denne oppmodinga, og sit igjen i sjokk over at barnevernet straks tømer heimen for born.

Barnevernet vil ha meir pengar. Men det skal dei ikkje få, for det treng ikkje dei, dei treng mindre pengar; for dei må misse fleire funksjonar.


Det oss treng barnevernet til, er til hjelp for vanskjøtte born, desse som vert svikta av barnevernet idag.

Oss aksepterer ikkje at barnevernet skal vere inntrengjar i livet til normalt fungerande familier. Den hjelpa normalt fungerande familier treng frå det offentlege, finst det offentlege intitusjonar til å ta seg av allereide, som helsestasjon, skule og sjukehus. Og so må kommunene få på plass igjen husmorvikaren!

Til barnevernet har mist mesteparten av dei noverande funksjonane, må oss slutte å melde frå om anna enn sikker vanskjøtsel.

Barnevernet er no ikkje berre eit trugsmål mot dei direkte involverte, men det undergrev i tillegg dei viktige funksjonane til helsestasjonar og desse andre som skal yte oss tenester. For ingen bør ta sjansen på å vise seg sårbar overfor hjelparar som er instruerte til å vere angjevarar til barnevernet.

Eg kjem ikkje på noken som er mindre truverdig, og so eg vil åtvare meir mot, enn den som med makt kan fjerne eit 3 mnd gamalt spedbarn frå brystet til mora si!

Slike skal ikkje ha hand om borna våre. Alle som er frårøva borna sine må no få sett på sakene sine på nytt i ein kvalifisert granskingskommisjon, og alle born som vil, må no få kome heim til familien sin.




*