*


6 september 2020




Det har vore ein sju år lang kamp

Av Sylvia og Gottfred Haga


• • •
Artikkelen ble publisert i lokalavisen Samningen den 3 september 2020.
Den er trykket her med forfatternes sjenerøse tillatelse.
• • •


Dei fleste har sikkert høyrt om, og nokon har kanskje lese om, dei grove overtrampa og overgrepa barnevernet i Samnanger kommune har gjort mot born, foreldre og familiar i bygda. Mange spør korleis dette kunne skje?

For å finna svar på det må ein gå attende til den perioden den førre ordføraren var ombodsmann for innbyggjarane i kommunen. D.v.s. frå år 1999 til år 2015. Det var i denne perioden overgrepa tok til. Det hadde samanheng med at det i 2004 blei tilsett ny barnevernsleiar. Han vart òg tilsett som sosialsjef, og hadde dermed leiinga av to etatar samstundes.

Dette viste seg i ettertid å vera ein uheldig kombinasjon, noko dei som søkte hjelp frå desse tenestene fekk merka. Det tok ikkje mange dagane før han sette i gang med å riva ned alt det gode arbeidet den tidlegare barnevernsleiaren hadde bygt opp. Resultatet kan vi lesa om i granskingrapporten, sak nr. 2.

Granskingsrapporten: Vi har no fått sluttrapporten for granskinga av tre barnevernssaker i kommunen. Den er solid. Den er djuptgåande. Heile 34 del-konklusjonar vert lista opp undervegs i rapporten, som vert oppsummert i 13 hovudkonklusjonar. Ein må kunne seia at for kommunen si barnevernsteneste er rapporten knusande. Me undrast på om det er nokon som finn noko i rapporten som dei vil rosa barnevernstenesta for. I så fall ville det vera fint om vedkomande kunne meddelt oss dette.

Tonen i debatten: Det vert påstått at det er brukt ein ufin tone i debatten, og at det er eit hardt debattklima. Faktisk så hardt at enkelte er redde for å seia meininga si. Det hadde vore fint om dei av dykk som påstår dette hadde lagt fram nokre eksempel. Det hadde òg vore greitt å få vita om det er dei som vil få fram fakta og sanninga, eller om det er dei som gjer alt dei kan for å forhindra at fakta og sanninga kjem fram, som brukar ein ufin tone og skaper eit hardt debattklima.

I ei så alvorleg sak som dette, der barnevernstenesta sine representantar har begått overgrep mot born, foreldre og familiar, samt ei rekkje lovbrot, dreier det seg ikkje om tonen eller hardheita i debatten. Det dreier seg om lidingar, smerte og øydelagte liv for born, foreldre og andre. Vi som er ramma av denne vondskapen og tragedien, er påført djupe sår som vi må leva med resten av våre liv.

Kva synest de som er opptekne av å debattera tonen og hardheita i debatten om dette?

Takk og pris for at vi fekk eit fleirtal i kommunestyret, med ein ordførar i spissen, som tok tak i grumset og fekk fram fakta. Det har tyelegvis vore ein hard kamp for dykk. Vi som er ramma er evig takksame for at de stod på og fullførte kampen og fekk fram sanninga.

For vår del har dette vore ein kamp som har pågått i ca. sju år. Trass gleda over det som har skjedd, har vi sorga og saknet over at to av borna framleis må leva i eksil i Thailand, og guten er framleis i barnevernet sine klør på Stord. Er dette greitt?

Vi synest ikkje det. Det er ikkje til å halda ut å tenkja på. Kvar dag kjem tankane på borna som vart kidnappa og stolne frå oss. Det var ei brutal handling av alle som var med på dette. Alt gjekk føre seg bak ryggen til foreldre, familie og barneskulen sin rektor. Dette var eit nytt lovbrot. I oppl.lova § 9-1 går det fram at rektor har både rett og plikt til å vera orientert om alle forhold på skulen. Blei rektor det? Nei, rektor var uvitande om alt som gjekk føre seg bak ryggen hennar. Rektor vart i realiteten delvis suspendert frå stillinga, utan sakleg grunnlag. Det var underordna tilsette ved skulen barnevernet forheld seg til utan at rektor visste noko.

I dette tilfellet viste det seg at det var barneskulen sin inspektør som var barnevernet sin samarbeidspartnar. Dette var respektlaust og ei undergraving av respekten til rektor. Ut frå dokument i saka kan ein trekkja følgjande konklusjon: Inspektøren aksepterte at rektor blei delvis suspendert frå stillinga si utan å vita om det, og at han sjølv overtok rektor sin funksjon.

I eit innlegg i Samningen torsdag 6. august 2020 skriv nemnde inspektør følgjande: "Mi rolle i denne saka var å gå inn for rektor den dagen akuttvedtaket vart fatta. Dette var ikkje mi avgjerd." Kven si avgjerd var det då? I alle høve var vel dette illojalt mot hans overordna (rektor)? Men som inspektøren understrekar, så var ikkje dette hans avgjerd. Med andre ord: inspektøren berre held seg til den avgjerda andre hadde teke.

Denne avgjerda var i alle fall på grensa til kva som er ulovleg fridomsfrårøving. Det er grov uforstand i tenesta når borna blir haldne att på skulen i tre timar etter skuleslutt utan å varsla foreldra om dette. Det førte til at foreldre og besteforeldre vart redde og sette i gang leiting etter borna som aldri dukka opp. Det er også uklart kva borna fekk av mat i denne perioden og fram til dei vart frakta til Os i 17-tida. Dette var ufatteleg uprofesjonelt. Stakkars born – kva dei har måtta gå gjennom.

Det er vondt og trist å tenkja på at borna vart fråtekne barndomen som dei skulle hatt saman med mor, far sin og sin biologiske familie.

Dette kunne altså foregå i den vesle bygda vår utan at dei ansvarlege styresmaktene greip inn. Ingen som sat i kommuneleiinga i 2013 kan seia dei ikkje visste om overgrepa leiaren av barnevernstenesta og hans medhjelparar gjorde. Allereie 31. januar 2013 vart det sendt varsel til dåverande ordførar og kommunen sitt kontrollutval om dei kritikkverdige forholda i barnevernstenesta. Sekretariat for kontrollutvalet handsama varslingsbrevet i møte 07.02.13 saknr. 03/13. I referatet frå dette møtet kan vi lesa følgjande: "Varaordførar orienterte om at liknande brev i saka er kome til alle kommunestyrerepresentantane, og at barnevern vil vera tema for kommunestyret i møte 12.02.13."


**


   

Se også


Rapport og artikler om barnevernet i Samnanger
ved Marianne Haslev Skånland
MHS's hjemmeside, oppdatert sist 4 september 2020

Til Ordføreren i Bergen: Varsel om oversendelse av Samnanger-sak til EMD
Brev fra Marius Reikerås
MHS's hjemmeside, 5 juli 2020

Sylvia Haga:
Forteljinga som manglar
MHS's hjemmeside, 6 september 2020

Hvem vurderer barnevernet i Samnanger riktig?
– Folkefornuft mot politisk og byråkratisk galskap

Vedlagt innlegg, artikler og brev av Erene Solsvik Bruvik, Stein Birger Haga, Knut Inge Røen og Gottfred Haga
MHS's hjemmeside, 7 mars 2013

*

Marta Straume:
Barnevern på Karl Johan
MHS's hjemmeside, 10 juni 2016

Jan Simonsen:
Måtte sitte i salen
MHS's hjemmeside, 3 desember 2015

Elin Brodin:
Store mor ser deg
nkmr.org, 20 november 2001

Overgrep fra barnevernet
Ringerikes Blad, 6 juni 2008

Arild Erland:
Barnevernsovergrep uten rettslige konsekvenser
lailand.net, 21 juli 2009

Foreldrene til Are (10) forlangte bedre matteundervisning – ble meldt til barnevernet
tv2, 23 mars 2014

Marianne Haslev Skånland:
Voldelige ungdommer og skolenes ansvar
MHS's hjemmeside, 22 april 2019

 – :  
Er barnevernskritikerne mistenkelige? Hva slags syn har vi og barnevernet på vold mot barn?
MHS's hjemmeside, 28 august 2015

 – :  
Samarbeid med barnevernet?
Ringerikes Blad, 18 september 2014

Åse Hellenes Rødøy:
To møter med norsk barnevern
MHS's hjemmeside, oktober 2003 / 6 april 2017

Peder Aresvik:
Jeg bor deler av året i Serbia
MHS's hjemmeside, 20 februar 2017







*