*

6 september 2020




Sylvia Haga:

Forteljinga som manglar


• • • •
Innlegget ble publisert i facebook-gruppen For Samningar: Ope Politisk Forum den 3 juli 2020, etter NRK Vestlands publisering av Barnevernsbarn i Samnanger: – Hadde ikkje vore i live i dag utan barnevernet.
Flere gode kommentarer står å lese under facebook-posteringen.

Innlegget er publisert her med forfatterens sjenerøse tillatelse.
• • • •



I NRK Vestland har 'Ane' fått stå fram med si forteljing i eit lengre intervju med jenta. Reportasjen er også publisert i denne facebook-gruppa. Me har prøvd å unngå at dette blir bretta ut i media og på Facebook. Vi meiner at slike sensitive saker som involverer barn, etter 'Ver varsam-plakaten' ikkje høyrer heime i media (pkt 4.8). Når intervjuet likevel er blitt publisert, kjenner vi oss tvungne til å imøtegå ein del av påstandane som kjem fram i reportasjen. Dette innlegget er også anonymisert med pseudonymet 'Ane'.

Det er med fortviling og sorg vi les korleis 'Ane' skildrar oppveksten sin hos mor og stefar i Samnanger. Overskrifta "Hadde ikkje vore i live i dag utan barnevernet" er vond å lesa for familien som gjorde alt for at ho skulle bli inkludert og finna seg til rette både i ny familie og nytt land. Vi møter ei jente som skildrar ein svært vanskeleg oppvekst, og som no føler ho må fortelja sin historie for å balansera kritikken mot barnevernet.

Som familie må me først seia at det var ingen ting anna me ville enn å gje jenta ein god barndom. Det som ikkje kjem fram i 'Ane' si forteljing er historia om dei fem første leveåra hennar. 'Ane' vart henta til Noreg som 5-åring. Mor var då etablert i Noreg og ville henta heim den thailandske dottera si. 'Ane' hadde desse første åra budd hos farsfamilien i lutfattige forhold. Mor måtte ha politieskorte då ho henta jenta. 'Ane' var vanstelt og hadde store blåmerke i ansiktet og måtte ha legebehandling for dette på sjukehus i nærmaste by – Buriram.

Kva som kan ha skjedd av vidare omsorgssvikt, vald og overgrep i Thailand, kjenner vi ikkje til, men jenta var tydeleg prega av det ho hadde opplevd då ho kom til Noreg og Samnanger. Traume og psykiske lidingar ho fortel om i dag kan også ha opphav i dette. Familien gjorde barnevernet kjent med denne bakgrunnen tidleg etter omsorgsovertakinga. Dette vart ikkje vektlagt. Hadde denne tråden blitt teke opp av barnevernet den gongen og sett inn passande tiltak i forhold til dette, hadde kanskje saka utvikla seg i ei anna retning. I dag veit verken mor eller stefar om 'Ane' har fått bearbeidd denne delen av oppveksten sin.

Forsking slår fast at dei første leveåra er svært viktige i eit menneskeliv. Forsking viser også at mange barn som har levd under vanskelege forhold dei første åra, i mange tilfelle kan ha vonde minne med seg. Vonde opplevingar kjem ofte til overflata seinare – gjerne i ungdomsalder. Nokre gonger utviklar det seg såkalla 'falske minne' – sjå også artikkelen på lenka nedanfor:
Alarm om falske minner

I Noreg kom 'Ane' inn i ein raus og ressurssterk storfamilie og eit nettverk med mange barn rundt seg. Ho starta straks i barnehage og lærde seg raskt norsk, og ho deltok i fritidsaktivitetar som andre barn. Ho vart kjærleg teke i mot av oss og familien, og vi i næraste familie rekna ho som ein av våre. Mange rundt henne kan fortelja om ei blid og grei jenta, og var ofte å sjå på fanget til dei ho i dag skuldar for overgrep. Ho kunne også vera krevjande, og var meir enn vanleg kontaktsøkande.

'Ane' påstår at mora slo henne jamleg. Det har i så fall skjedd utan at nokon andre i familien har sett det. Ho påstår at fleire visste om dette. Det avviser vi. Hadde dette blitt oppdaga, ville mora blitt korrigert. Ingen i familien aksepterer nokon form for vald mot barn.

'Ane' fortel sjølv at ho måtte passa småsøskena sine mykje. Her møtte nok 'Ane' ulike kulturelle forventningar frå mor og samfunnet rundt henne – noko som kunne bli vanskeleg og kjennast urettferdig.

Dei forferdelege påstandane om overgrep av nære familiemedlemmer er for oss openbert usanne og heilt uforståelege. For det første er det påfallande at forklaringa hennar har endra seg fleire gonger undervegs. Den eine av dei anklaga vart alvorleg kreftsjuk i 2010 og var på sjukehus i lang tid. Helsa var redusert i ei slik grad at det er svært lite sannsynleg at påståtte overgrep kan ha funne stad i denne tida slik ho hevdar. Skuldingane frå 'Ane' er svært diffuse – konkrete episodar 'Ane' hevdar har skjedd, stemmer ikkje. Det er dessutan underleg at ingen andre barn har oppdaga slike tendensar hos dei som er utsett for desse klagemåla.

Politiet har undersøkt hus og stader som er skildra i forteljinga til 'Ane'. Påtalemakta (statsadvokaten) uttalte at det ikkje er andre haldepunkt som støtter hennar forklaring og la bort saka. Dette klaga 'Ane' på og dette vart prøvd i overordna instans i påtalemakta som er Riksadvokaten. Saka vart til slutt lagt bort av Riksadvokaten også. Det betyr at påstandane heilt klart ikkje ville ført fram i ei rettsak.

Det er gjort eit stort poeng av at Kontoret for voldsoffererstatning likevel har gjeve valdsoffererstatning til jenta. Det er viktig å vera klar over at dette kontoret ikkje har høve til å ta stilling til skuldspørsmålet. Dei skal berre avgjera om det er sannsynleg at personen er utsett for ei straffbar handling, og skal ikkje ta stilling til kven som har gjort denne påståtte ugjerninga. Difor får ikkje den påståtte skadevaldaren føra motbevis – vedkommande er ikkje part i saka og skal vera anonymisert. Noko anna ville vore i strid med Grunnlova som sler fast at berre ein domstol kan avgjera skuldspørsmålet i ei straffesak. Menneskerettskonvensjonen seier det same – og understrekar uskuldspresumpsjonen – ein person skal reknast som uskuldig til han er dømd av ein domstol. Det er altså
ikkje ført haldbare bevis for at straffbare handlingar er gjort av familiemedlemane slik 'Ane' hevdar. Difor har ikkje påtalemakta teke ut tiltale.

I Noreg hevdar me at me lever i ein rettsstat. I ein rettsstat er det ein menneskerett å bli rekna som uskuldig når ein ikkje er dømd for noko i ein domstol. Å spreia mistankar etter at skuldspørsmålet er teke stilling til av politi og påtalemakt, er ikkje mindre enn brot på menneskerettane og vernet om privatlivets fred som vi alle ønskjer å verna om. NRK som statsfinansiert kanal, burde difor ikkje medverka til å henga ut personar som det ikkje eingong er teke ut tiltale mot etter ein grundig prosess i politi og påtalemakt.

Historia starta godt i 2008. Vi henta 'Ane' til Noreg for at ho skulle få eit betre liv – få veksa opp i Noreg, få utdanning og ta del i gode velferdsordningar. Frå 2013 snudde det heile seg til eit samanhengande mareritt som har vart i over 7 år. Ein kjernefamilie er øydelagd og fleire har fått psykiske og andre helseproblem – og besteforeldre har fått ein øydelagt alderdom. Søsken er blitt splitta frå kvarandre. Nokre bur i Thailand og kan ikkje lenger kommunisera med biologisk far eller andre i familien. Alt dette kan vi skriva tilbake til grove feil som no er avdekka i barnevernet i Samnanger.

For familien,
Sylvia Haga



**




Se også


Sylvia og Gottfred Haga:
Det har vore ein sju år lang kamp
MHS's hjemmeside, 6 september 2020

Siv Westerberg:
Fosterbarn som god butikk
MHS's hjemmeside, juli 1995 – 6 september 2013

Olav Terje Bergo:
Partisk fylkesnemndleder
MHS's hjemmeside, 16 september 2018

Marianne Haslev Skånland:  
Nei, Bjugn-saken skal ikke først og fremst legges død
MHS's hjemmeside, 10 juni 2006

Erland Løken:
Det kriminelle barnevern
BarnasRett, ca 2007

Gunn Hege Finstad frikjent for incest-anklager
BarnasRett, samlemappe 2003-04

Jan Pedersen:
Statsråd Helleland med selvskryt – barnevernloven må bort!
MHS's hjemmeside, 18 september 2018

Jan Simonsen:
Erna Solbergs hvitvasking av barnevernet
MHS's hjemmeside, 7 januar 2019

familien-er-samlet:
6 år som flyktninger, og et lite blikk på Norge
MHS's hjemmeside, 12 november 2019

Arne Jarl Hatlem:
Barnevernet – nådeløse nordmenn
MHS's hjemmeside, 18 juli 2018




*