*
18 februar 2016
Barnevern i
Norge og Naustdal
Av Per
Storegjerde, Naustdal
•••
Artikkelen har tidligere stått som innlegg i avisen Firda.
Det er trykket her med forfatterens velvillige tillatelse.
•••
Min
bakgrunn er ikkje anna enn det som har komme fram i media
og på nettet den siste tida. På bakgrunn av dette synest
det sikkert at det barna har blitt utsett for frå foreldra,
ikkje er anna enn det som var vanleg barneoppseding her i
landet til for få år sidan, og i utlandet enno. Mange av
dei som lever i Norge i dag har vore utsett for
tilsvarande. Uttalen frå politiet stadfestar det. Er det
noko meir styggedom borna har vore utsett for, bør det
komme fram straks. Dette fordi folk rundt om ikkje skal
gjere seg opp alle slags tankar, som eg høyrer nemnt. Slik
ekstra belastning må familien bli skåna
for.
Personleg
føler eg sterkt med heile familien og trur dei er
fullstendig urettvis handsama. Det merkelege er at det ser
resten av verda ut til å meine også, men ikkje i Norge, og
kanskje mest lokalt. Eg trur nordmenn flest, har ei
overdriva tru på at barnevernet gjer alt til barnet sitt
beste. Alle, frå statsrådar, diplomatar og fylkesmenn, står
opp og fortel i rosande ordelag om det teoretisk
fantastiske barnevernsopplegget vi har utan å gå inn i den
røynlege verda. Eg vonar så sterkt eg kan at dette gjeld i
alle tilfelle. Men trur det ikkje. I denne saka trur og
følar eg at det ikkje gjer det.
Heldigvis
har dei større landsavisene siste tida teke føre seg fleire
barnevernssaker rundt om i landet med skakande omtalar. På
sosiale medium er det også lenker med haugevis av
skrekkelege forteljingar av personar i Norge som har
opplevd barnevernet på sitt verste. Naustdal er nok ikkje
åleine. På meg verkar det som det må ein skikkeleg
gjennomgang til, både av lover, reglar og prosedyrar. Det
held ikkje at det ser fint ut på papiret. Det må også
sjåast til at det fungerer i kvart enkelt tilfelle. Eg trur
det er store variasjonar både mellom nemndene og ikkje
minst dei personar som arbeider der. Alt hemmeleghaldet i
Norge ser ut til å vere meir til for nemndene sin del, enn
dei råka familiane.
I tilfelle
Naustdal kan alle gå inn i sosiale medium og sjå autentiske
opptak frå plassen med familien, politiet og barnevernet i
aksjon. Eg garanterer det ikkje er ei hyggeleg oppleving.
Eg skjønar det slik dette kom som lyn frå klar himmel.
Etter som eg har forstått skal det å ta borna bort frå
familien vere siste utveg etter alt anna er prøvd. Her
startar dei tydelegvis i feil ende. Og kvar skal dette
ende? Skal alle desse barna vekse opp til dei vert vaksen i
ein fosterheim fordi foreldra visstnok har teke «riset» ned
frå veggen og ein av ungane fortalde det? Er det andre
bakanforliggande årsaker? Mange tankar melder seg. I små
bygder kan det vere mange merkelege grunnar i røynda.
Sekterisme, utlendingar har vore nemnd og kan vere
medverkande årsaker lokalt.
I tillegg er
foreldra tiltalt og risikerer straffesak med ei
strafferamme på 6 års fengsel. Må det ei månadslang
rettssak til for å få ungane heim? Alt dette kan skje ei
ung kvinne oppvaksen på ein gard i ei bygd i Naustdal som
drog til Romania for å hjelpe gatebarn der, fann seg mann
der, kom heim og fekk fem born etter kvart. Saman med
mannen har ho budd i 10 år i eige hus på tunet til foreldra
sine, der alle har levd lykkeleg i ei storfamilie. Jamfør
besteforeldra sitt fortvila innlegg i Firda 10. februar.
2016. Eg må berre spørje, kva har Norge blitt til? Kan
slikt berre skje i Naustdal? Har utlandet rett? Er det
slike tilstandar vi ønsker å ha i Norge?
••
*