*
15 april 2016
Enno meir
barnevern
Av Per
Storegjerde, Naustdal
•••
Artikkelen ble
først trykket som leserinnlegg i avisen Firda den 14 april
2016.
Den er publisert her med forfatterens velvillige samtykke.
•••
Inge
Nordhaug hadde 6. april eit langt innlegg i Firda som
kommentar til mitt vesle innlegg om endring av praksis som
førte til nesten 90 prosent reduksjon av bruk av
fosterheimar. Eg må ha treft ei svært sår tå hjå han.
Nordhaug held seg til den offisielle versjonen av norsk
barnevern der det meste er bortimot feilfritt. Dei som
sjølv kjenner det på kroppen er ikkje alltid samde i det.
Dei finn mykje som er gale. No kan det vere at eg les mest
frå dei misnøgde, og Nordhaug mest frå dei nøgde.
Eg har
aldri hatt noko med barnevernet å gjere. Men sidan eg var
ordførar for snart 30 år sidan, og fekk eit visst innsyn i
denne delen av samfunnet, har eg følgt litt med på nettet
og i media. Det eg finn har ofte undra meg mykje. Den gang
meiner eg å hugse det var rundt 80 born i eksterne
fosterheimar i heile fylket. Siste tal eg har sett no er
rundt 200. Vi er ikkje fleire folk. Noko må ha
skjedd.
Det
gler meg stort at Inge Nordhaug, som eg skjønar har ei
sentral rolle i opplæringa av barnevernstilsette, verkar å
gå inn for mindre bruk av fosterheimar og heller støttar
foreldra i heimen, gjennom foreldreråd, slektningar og
liknande som kan tre til i ein vanskeleg situasjon. Gjennom
mennesket si historie har det biologiske prinsipp vore
rådande, og etter eg har fått med meg gjev dette best
resultat for barna framleis.
Bruk av
eksterne fosterheimar viser ofte stor skade på borna for
ettertida har eg lese. Dei mislykkast ofte i samfunnet enn
born vakse opp med biologiske foreldre.
Eg
trur ikkje det er så roseraudt rundt oss som Nordhaug
forsøker å framstille det. Såg nyleg i Firda at Førde hadde
17 born i fosterheimar, og 73 born under andre tiltak. Det
gjev nesten 19 prosent i fosterheim av borna som
barnevernet har under tiltak. Det tykkjer eg er høgt.
Statistikken viser også at ca. 1650 born rømde frå
fosterheimar eit av dei siste åra. Det tyder ikkje på
trivsel i heimane.
Eg har
god tillit til rettssystemet i Norge. Det står verre til
med Fylkesnemnda og Fylkesmannen si rolle i
barnevernssaker. Nordhaug gjer seg skuldig i ein alvorleg
feil når han framstiller fylkesnemnda nærmast som ein
rettsinstans, «spesialdomstol» kallar han det. Det er eit
forvaltningsorgan samansett av fagfolk på fleire
område.
Etter
som eg har fått med meg føretar dei ikkje normalt
sjølvstendige granskingar av saka, høyrer ikkje begge
sider, høyrer ikkje vitne osv. Dei les sakspapira frå den
eine sida, det kommunale barnevernet. Det same med
Fylkesmannen sitt tilsyn. Eine delen skal sjå til at jussen
er på plass, den andre, fylkeslegen, skal sjå på
realitetane i saka. Dei heller høyrer ikkje begge sider.
Slikt kallar eg ikkje eit norsk rettssystem.
Først
når saka kjem til tingretten møter den ein norsk domstol.
Ikkje reint sjeldan vinn dei biologiske foreldra fram der.
Men dette tek månader, gjerne år med anke. I mellomtida er
borna i fosterheim og den varige skaden skjer.
Med den
teieplikt som er i barnevernet er det vanskeleg for vanlege
folk å få eit inntrykk av kva som går føre seg. Eg ser
ikkje mykje til at barnevernet sitt arbeid skal vere
«transparent», gjennomsiktig på norsk, slik Inge Nordhaug
seier. Det er vel få ting i det norske samfunnet som er
mindre gjennomsiktig, vil eg påstå. Statistikken viser at i
2014 var om lag 16.000 born og unge utsett for det som vert
kalla «omsorgsovertaking» frå barnevernet. Medrekna
visstnok alle slags tiltak og fosterheimsplasseringar.
Tiltakslista er lang. Eg talde heile 25 ulike. I 2012 vart
49 prosent av desse grunngjeve med «manglande omsorgsevne
hos foreldra».
Kva er
dette i røynda? Har dei norske foreldra mist den genetiske
evna til å vere foreldre? Kva er minstemål for å gripe inn?
Kvifor set ikkje barnevernet i tide inn tiltak med
opplæring, seminar etc. for å heve denne evna? Kvifor blir
det ikkje undervist i barnelære og foreldrerolla i den
alminnelege utdanninga i landet sidan dei aller fleste unge
hamnar i denne rolla etter kvart?
Statistikken seier at berre fem
prosent er grunngjeve med vald i heimen, og berre ein
prosent for seksuelle overgrep. Fysisk mishandling står for
fem prosent og psykisk mishandling for om lag tre prosent i
2012. Barnevernet brukar ofte desse begrepa som forklaring,
sjølv om dei utgjer ein liten del.
Samfunnet har gjeve barnevernet
vide fullmakter og stor økonomisk fridom til å verne om og
hjelpe born og unge. Dette har eg sett kostar samfunnet
rundt 20 milliardar kvart år. Likevel greier dei ikkje å
gripe inn der det trengst, medan dei grip inn der det ikkje
trengst. Dei køyrer i grøfta på begge sider. Då må det vere
noko gale med køyreopplæringa.
**
*