*
13 oktober 2016
'Naustdalfamilien'
må få vere i fred
Av Ruth L.
Hafstad
Tante og
grandtante
•••
Artikkelen har
stått i avisen Vårt Lands papirutgave den 8 oktober 2016.
Den er gjengitt her med forfatterens velvillige tillatelse.
•••
Som
tante og grandtante til "Naustdalfamilien" vil eg endeleg
uttale meg. Det kom som eit sjokk – ubegripeleg og
uforståeleg – at denne familien skulle bli råka av
barnevernet. Eg har kjent familien i mange år og opplevd
dei som svært flinke og gode foreldre, med omtanke både for
sine eigne og alle andre. Barna var svært tillitsfulle,
frie, glade, trygge og kreative. Vi har aldri høyrt eller
sett noko som skulle tilseie inngrep av barnevernet.
Både mor og far har vokse opp i trygge, gode og solide
familiar – og vi kjenner ikkje til vald. Ei overskrift var:
"Kan ha vore utsett for vald i 5 år". Det høyrest
forferdeleg ut for oss som kjenner familien. Kva inntrykk
gjev ein lesarane med slike overskrifter? Ein kan då lett
tenkje på dei som kriminelle barnemishandlarar, noko som er
langt frå sanninga. Det finst ikkje ord for kor feil dette
er.
Solid
familie
I
lengre tid budde familien i huset hos søstera og svogeren
min, medan deira eige hus, i same tun, vart restaurert.
Både dei som restaurerte huset deira og andre har budd
saman med familien i heimen deira over tid, men ingen av
desse har nokon gong høyrt eller sett noko som skulle
tilseie valdeleg oppseding. Tvert imot har det blitt sagt
at "dette er verdas snillaste familie".
Desse foreldra er ærlege og nøye med alt. Det som kan
kallast ein liten klaps, vert slått opp som vald. Det kan
sjå ut som om nokon "vil dei til livs" eller prøver å
øydeleggje familien. Eg er svært glad for at dei har si
forankring i Jesus Kristus og byggjer sitt liv "på fjell".
Det må vere mykje verre for barna å bli "kidnappa" frå
foreldra og skilje sysken og plassere dei hos framande. Kva
traumer har det skapt for borna?
Redde
No når
alle er samla igjen, er borna blitt redde for å bli
"kidnappa" igjen, som ein av dei sa. Dei vart redde for
igjen å misse foreldre, sysken, familie og venner. For å
skåne borna valde foreldra å flytte, noko som har gjort dei
tryggare, men traumene barnevernet påførde familien, vil
nok alltid følgje dei. Dette er svært vondt.
Her skal framande uttale seg, som ikkje har levd i
kvardagen saman med dei og fylgt dei oppover. Er det ikkje
på tide å innrømme feil, audmjuke seg og la familien vere i
fred?
Denne familien har skapt ein god heim, utan rus, røyk og
banning. Her har vore passe faste rammer, masse kjærleik,
glede og fred. Eg skulle ønskje at dei kunne ha fått vore i
fred på denne fantastisk fine plassen dei hadde etablert
seg på, med trygge menneske rundt seg, utan å frykte frå
"ulvane" som fer omkring. Dei er trygge og glade hos alle
sine kjære og nære, men ikkje for "inngriparane".
**
*