*
6
desember 2016
Inger Elisabeth
Baunedal, tante til dei fem barna i Naustdal-saka:
Barnevernet
«utgått på dato»?
Det
er noko gale med grunnen barnevernet står på, og då tenker
eg på menneskesynet og synet på
familien.
•••
Artikkelen
ble publisert i avisen Dagen den 3 desember 2016.
Den er trykket her med forfatterens velvillige samtykke.
•••
Det har no gått
eitt år sidan eg var vitne til Naustdal barnevern sitt
inngrep i søstera mi si familie. Med den store
mediamerksemda og demonstrasjonane rundt omkring i verda
blei saka historisk i høve barnevern.
Når eg
ser tilbake på året
som har vore, dukkar det opp nokre spørsmål: Har Naustdal
barnevern blitt eit betre hjelpeorgan? Har Naustdal kommune
kome godt ut av mediastormen og lært noko? Har barnevernet
elles blitt meir funksjonelt?
Naustdal
barnevern har fått massiv kritikk for framgangsmåten deira
og behandlinga av den råka familien, søstera mi sin
familie. Ein normal reaksjon ville vere å «gå i seg sjølve»
og ta ei ny vurdering for å finne ut om ein tok dei riktige
avgjerder.
Kanskje hadde
nær- og storfamilien rett i at barnevernet hadde gjort ein
stor feil. Kanskje «heile verda» sin reaksjon var
berettiga. Men nei, barnevernet meiner dei veit betre enn
alle. Det heiter hovmod. Barnevernsleiaren sjølv går ikkje
ut i media og står for det ho har gjort, slik det skjer
fleire andre stader.
Det er rådmann
Øyvind Bang-Olsen som uttaler seg i media. Og til tross for
at han verken har djupt innsyn i saka eller har snakka med
foreldra, går denne setninga igjen i uttalene hans;
«Barnevernet i Naustdal har gjort ein god jobb». Etter
fleire månader seier rådmannen det rett ut: «Vi tek ingen
sjølvkritikk i denne saka».
*
Når rådmannen
og barnevernet
ikkje tek sjølvkritikk og meiner dei har gjort ein god
jobb, korleis kan det då vere rom for forbetring? Sjølv om
det ser ut til at det ikkje er rom for forbetring, har
Naustdal barnevern likevel blitt betre i sine metodar? Det
ser ikkje slik ut. Rett før saka til søstera mi greip
Naustdal barnevern inn i ein annan familie med
akuttvedtak.
Barna kom
tilbake til familien, men familien tapte seinare i retten.
I staden for å halde barna i familien med hjelpetiltak,
syntest barnevernet det var best at barna ikkje budde hos
familien. Dei to søskena blei fordelt i to ulike heimar,
for det meinte barnevernet var best.
Tidlegare i år
gjorde Naustdal barnevern endå eit nytt akuttvedtak på
svakt grunnlag, men heldigvis blei familien foreina att
etter kort tid. Eg har snakka med familiane det gjeld og
med andre. Det eg synest å sjå som går igjen, er at
Naustdal barnevern held fram med sine metodar, som eg rett
og slett må kalle brutale. Dei utfører akuttvedtak på svakt
grunnlag, der det ikkje er fare for livet, og dei gjer lite
eller svært lite undersøking i førekant av
akuttvedtaka.
«Hjelpeorganet»
skil søsken frå kvarandre eller hadde planlagt å gjere det,
med den påstand om at det er «best for barnet» å få full
merksemd ved å vere åleine. Eg har no berre nemnt nokre få
dømer som eg kjenner til av Naustdal barnevern sine brutale
metodar det siste året.
*
Når det
gjeld Naustdal
kommune, så har det storma veldig med reaksjonar angåande
barnevernet sitt openbare maktmisbruk. Likevel høyrde vi
ingenting frå verken ordførar og dei lokale politikarane.
Dette undra eg meg over, at ikkje nokon av dei folkevalde
stod fram i media med eit ønskje om eit betre barnevern.
Ei dame sa til meg; «Eg trur at heile Naustdal støtter
søstera di og familien». Og vi i familien har verkeleg fått
oppleve denne støtta som dama snakka om, både frå naboar,
familie, venner og andre vi har møtt i
kommunen.
Dersom ein
lokalpolitikar hadde «kjend si
tid» og uttalt seg i media at ein ønskte endringar i
barnevernet, ville vedkomande ha hausta stor respekt og
støtte. Difor rettar eg ein stor takk til Per Storegjerde,
tidlegare ordførar i Naustdal for hans avisinnlegg. Etter
fleire månader kom dagens ordførar på bana. Han sa til
media at han ville ha ro og ikkje meir mas om
barnevernet.
Med andre ord
feiar han all kritikk av barnevernet «under teppet» og gjer
ingenting med problemet. Men samstundes er det forståing
for at det ikkje er lett for ein ordførar å gå imot
rådmannen, som har sagt at kommunen ikkje tar sjølvkritikk.
Det hadde gjerne vore meir vist av ordføraren å ikkje
uttale seg om saka i det heile.
*
Siste spørsmålet
eg stilte i starten
handla om barnevernet elles sin funksjonalitet. Barne-,
likestillings- og inkluderingsminister Solveig Horne
ønskjer å stille strengare kompetansekrav til tilsette i
barnevernet. Ho vil ha ein gjennomgang av barnevernlova med
tanke på å få ei tidsriktig oppdatering.
Vidare snakkar
statsråden om satsing på psykisk helsevern i barnevernet,
styrking av det lokale barnevernet og betre samarbeid
mellom barnevern og politi. Ein mann sa det så godt:
«Barneminister Solveig Horne driv med lapping av systemet».
Eg kunne ikkje ha sagt det betre sjølv, for det er akkurat
det eg tenkjer når eg høyrer ministeren tale og det
kritikarane seier.
Dessutan skjer
det framleis akuttvedtak på svake grunnlag, motarbeiding av
foreldre frå å samle familien og så vidare. Både i saka med
tantebarna mine og mange andre saker konkluderer psykologar
at barn er traumatiserte og redde for foreldra. Sanninga er
at barna er glad i foreldra sine, lengtar heim og slett
ikkje er traumatiserte.
Politiet sine
metodar mot barn og
foreldre er også under stor kritikk. Det same gjelder
rettstryggleiken. Det er folk som meiner at det ikkje finst
rettstryggleik i Noreg. Eit foreldrepar mista omsorgsretten
i fylkesnemda i starten av dette året. I oktober vann dei
med einstemmige dommarar i tingretten. Korleis kunne dei
tape i første omgong? Rettstryggleik?
Om lovgjevinga
til barnevernet seier professor i lingvistikk, Marianne
Haslev Skånland: «Den har over flere år gått i gal retning,
med stadige omdreininger av skruen som umyndiggjør foreldre
og hindrer dem i å ha sine barn hos seg og beskytte
dem».
*
Til slutt
ynskjer eg å seie nokre
ord om framtida til barnevernet. Då eg var med i Debatten
på NRK i vår sa eg at det trengs endringar i barnevernet og
endring i lovverket som regulerer barnevernet og
rettssystemet. Når eg no ser at det kun skjer ei «lapping
av barnevernsystemet» må det meir til for å få eit betre
barnevern.
Søstera mi sa på eit tidspunkt om barnevernet: «Kor er
kjærligheten?» Det er noko gale med grunnen barnevernet
står på, og då tenker eg på menneskesynet og synet på
familien.
Eit sunt
barnevern har eit syn på
at mennesket har uendeleg stor verdi og skal ikkje
krenkast. Familien er det som byggjer opp samfunnet, og må
difor vernast om med alle midlar. Når eg ser og høyrer om
korleis barnevernet jobbar i dag; kor låg terskel det er
for å krenkje ein familie med akuttvedtak, kor lett det er
å miste omsorgsretten og kor vanskeleg det er å få tilbake
barn som har vore i fosterheim over lengre tid, vil eg
ikkje seie at barnevernet har eit riktig menneskesyn og syn
på familie.
Og no har
eg
ikkje ein gong sagt noko om behandlinga foreldre og barn
får av barnevernet i akuttsaker. Fleire rumenske familiar
har fått høyre av barnevernet: «Her i Norge er det staten
som eig barna». Dette synest eg stadfestar menneskesynet og
synet på familie som eg ser finnast i
barnevernet.
Eg har merka meg
frå saka med søstera mi og familien noko som går igjen også
i mange andre saker: barn får ikkje vere barn med alt dei
seier, både fakta og fiksjon. Dei vert gjort ansvarleg for
feile utsegn som ikkje vert retta oppi, og dermed får det
katastrofale følgjer. Kan det tenkast at barnevernet er
«utgått på dato», og noko nytt må starte
opp?
**
*