*

30 juni 2020



Barnevernet: Kan endringar lokalt påverka nasjonalt?

Av Knut Inge Røen



I ein kommentar på Facebook-gruppa,
For Samningar: Ope politisk forum, vert det hevda at "slik fokus er på barnevernet no, frå mange hald, vil dette garantert verte teke på stort alvor, og ein vil søke å finne løysingar på kva ein vil gjere betre."

Ja, det er å håpa at dette denne gongen endeleg kunne stemma! Det er nemleg ikkje noko nytt at det vert hevda at barnevernet er i ferd med å gjera ting betre. Dette har vore ein gjennomgangs-melodi i fleire ti-år. Men viktige ting har slett ikkje vorte betre.

Om det skulle skje ei positiv endring no, så er det i så fall noko som også Samnanger har medverka til. Og det er slett ikkje dei å takka som heile tida har prøvt å stikka kjeppar i hjulet for ei opprydding i barnevernet her i Samnanger.

*

Trass i utruleg mykje motstand dei siste sju åra – mot å utføra granskingar og mot å gripa inn i systemet, har mykje grums no heldigvis kome fram i lyset. Ein har verkeleg kome eit langt skritt vidare i rett retning. Då vert det berre trasig at det framleis er personar som prøver å trenera vidare framdrift gjennom å snakka om at ting må utgreiast betre eller om å overlata vidare innsats til andre, utanfor bygda.

Motiva for motstanden er nok varierande. Men når somme til dømes stadig viser til den økonomiske sida, verkar det ikkje heilt truverdig. Kvar vart protestane til desse kommuneøkonomi-bekymra av til dømes då det vart klart at millionane ville rulla lett om ein bestemte seg for å byggja omsorgssenter på den tusenårsflaum-utsette Skottabakken?

Er det kanskje like snart slik at enkelte av dei som tek del i debatten omkring barnevernet, har late seg påverka ein del av personar som har litegrann å tapa på vidare kamp mot barnevernet?

Somme gjer til og med slik som ein representant for Høgre gjorde på eit kommunestyremøte, han prøvde å framstilla han som har gjort seg skuldig i lovbrot, som eit offer. Sjølvsagt kan også ein brotsmann vera eit offer, men det vert meiningslaust å fokusera på det når saka handlar om rettferd for dei menneska som vart denne brotsmannen sine offer.

Skulle politiet leggja bort alle saker der det finst ein brotsmann som har gjort vondt mot andre menneske, for at ikkje også brotsmannen skal måtta lida? Skal ein barnevernsleiar som har gjort vondt mot dei svakaste mellom oss, verta handsama annleis enn andre brotsmenn? Kva er rettferda i det?

Sjølv om det no har vorte gjort forsøk på å svekka dei to siste barnevernsrapportane, er det ingen tvil om at barnevernsleiaren gjorde heilt uforsvarlege ting. Det er ufatteleg at einkvan i det heile kan nekta for det.

*

På den andre sida veit me no at den tidlegare barnevernsleiaren ikkje var/er ein ulv utan flokk. Og det er nok dessverre slik at også andre i barnevernet meiner at barnevernsleiaren berre handla slik som barnevernet skal handla.

Ein uheldig mentalitet har gjennomsyra også utdanninga. Det ser ein klinkande klart gjennom at liknande ting skjer over heile landet! Og mange av oss andre er så godtruande når det gjeld innstillinga til dei moderne og gode nordmennene som jobbar i slike etatar, at me stolar på at dei er gode, ærlege og flinke i jobben sin.

På den bakgrunnen kan kanskje einkvan hevda at det vert feil å gjera nettopp vår tidlegare barnevernsleiar til ein syndebukk. Til det er å seia følgjande: Samnanger har tatt – og kan berre ta – affære med brotsverka gjorde i Samnanger.

Ein må gjerne samstundes oppmoda styresmaktene om å gjera grunnleggjande endringar i barnevernet, men utan at me markerer oss med å stilla "vår eigen" brotsmann til ansvar, kan me like godt postleggja brevet til styresmaktene i omnen – uansett kva pondus enkelte av våre kommunestyre-representantar måtte ha.

Problemet er at om ikkje det vert sett fokus på framferda til enkeltpersonar, så vil styresmaktene berre "fiksa" på problema med å auka den same medisinen som alt er utskriven. Ein vil kanskje auka talet på tilsette og auka lengda på utdanninga og pøsa endå meir pengar inn i systemet, men ein vil halda fram på nøyaktig same sporet som før! Det vil ikkje løysa noko som helst! Kanskje med unnatak av for dei tilsette.

Det vert igjen tala om eit sårbart "fagmiljø". Er det ikkje nettopp "faget" som har spela fallitt? Somme innbiller seg at me her i Norge har kome lenger i dette faget enn ute i verda elles. Skal tru om ikkje nettopp det er ei grunnleggjande feildøming.

Ein del av ideologien i faget, er til dømes at familien ikkje skal til-leggjast særleg vekt. Dette har vore ei politisk retning her i landet i mange år no, det er på tide at ein omsider er villig til å revidera den innstillinga. Familien må igjen verta ein hovud-grunnpillar i samfunnet vårt!

*

Det er på tide at ein ser seg tilbake og ser den vegen me har gått og dei mistaka me har gjort undervegs. Me må også læra av dei mistak som andre nasjonar har gjort når dei har devaluert familien sin posisjon.

Til slutt: Det vert påstått at det var forhasta av Samnanger å seia opp barneverns-samarbeidet med Bergen kommune. Beklagar, men den påstanden er feil. Både for å sikra ei tryggare ramme for familiane i bygda vår, og for å kunna koma vidare med å påverka det norske barnevernet generelt, var det heilt nødvendig å seia opp samarbeidet med Bergen.

Me veit ikkje enno om det vert ei rettssak mot tidlegare barnevernsleiar i Samnanger. Men det me veit, det er at dei barnevernstilsette i Bergen ville ha pressa politikarane i Bergen til å påverka Samnanger-politikarane til å koma innatt i geledd og ikkje bryta ut av formasjonen i høve til kva som "går an" når det gjeld "eigne barnevernstilsette".

Dette med at barnevernstilsette er underlagt politisk styring, er elles ei sanning med visse modifikasjonar. Det verkar som om ein barnevernstilsett ikkje ser seg underlagt noko anna enn barnevernsregimet sine system og ordningar og filosofi. Vår barnevernsleiar for sin del, gjekk ikkje av vegen for å be ein kommunestyre-representant om å halda munn, om han fann det for godt.



**



Se også


Tre rapporter om barnevernssaker hvor familiene er blitt spurt
– Tysvær, Bergen, Samnanger

MHS's hjemmeside, 26 juni 2020

– Barnevernet forsøker å undergrave knusende rapport
TV2, 22 juni 2020

Åge Simonsen:
Protestbølgene mot norsk barnevern
MHS's hjemmeside, 19 juni 2016

Jurist om barnevern: – Hvorfor i himmelens navn hjelper man barn på denne måten?
nrk Nordland, 2 juni 2020

Olav Terje Bergo:
Mastergrad er skivebom
MHS's hjemmeside, 13 april 2020

To tjenester vurderer barnemor totalt forskjellig
Dagbladet, 29 juni 2020

Stemplet som sex-forbryter i 12 år
Glåmdalen, 9 juli 2003

Arne Jarl Hatlem:
Barnevernet – nådeløse nordmenn
MHS's hjemmeside, 18 juli 2018

Jan Simonsen:
Når staten lyver om barnevernet
MHS's hjemmeside, 30 oktober 2017

Barnevernet sender 11-åring til Gambia
BarnasRett, samlemappe september 2006 – mai 2007

Rømmer fra barnevernet
Dagsavisen, 27 juni 2005 (oppdatert 2 desember 2016)

Barnevernet hentet nyfødt
Rogalands Avis, 25 november 2005 (oppdatert 10 desember 2015)

Saksliste Stortinget:
Tema: Barnevern i 1993/94-1996/97
Stortinget, udatert
Spørsmål 1og 3 gjelder spesielt omsorgsovertagelse av Elisabeth Østgårds datter og arrestasjon av henne. Spørsmålene i detalj her:
Spørretimespørsmål fra Carl I. Hagen (FrP) til barne- og familieministeren
Stortinget, 12 november 1993
Sp.spm. fra Carl I. Hagen om at Elisabeth Østgård etter instruks fra departementet ble arrestert på tross av statsrådens løfte om amnesti til rettssaken 16. november 1993
Stortingstidende, 17 november 1993






*