*
16 februar 2021
Knut Inge Røen:
Nedslåande
signal om barneverns-utval frå formannskapsmøte
• • •
Artikkelen er en lett redigert
kombinasjon av to debatt-innlegg på nettsiden
For
Samningar: Ope politisk forum: Nedslåande signal frå
formannskapsmøte den 12 februar 2021,
og Lekfolk til skade eller gagn?
den 13 februar.
Artikkelen er publisert her med forfatterens vennlige
samtykke.
• • •
Drøftinga
av eit nytt barneverns-utval under formannskapsmøtet i
Samnanger den 11 februar 2021, vart ikkje berre oppløftande
for oss som i mange år har vore sterkt opptekne av
barneverns-regimet sine villfaringar. Det var skuffande å
observera at den demokrati-trugande beundringa for
«ekspertar» som prega kommuneleiinga i 2013, den blomstrar
framleis hos storparten av formannskaps-medlemmene.
For majoriteten av medlemmer var det nemleg viktig at det
slett ikkje skulle vera lek-folk med i det nye
barneverns-utvalet. Dette måtte visst for all del
«fagfolka» få styra med åleine, bak godt lukka dører.
Men argumentasjonen som vart brukt for å sikra dette, vart
ulogisk og alt anna enn overtydande. Det vart mellom anna
hevda at her skulle det berre givast faglege råd til
barnevernsleiaren, så det trongst ikkje at lekfolk var med for å
sikra at utvalet såg heilskapen!
Men motstandarane av lekfolk inn i utvalet, kunne slett
ikkje fortelja kvifor råd frå ein med juridisk bakgrunn,
vil verta av stor verdi, medan råd frå ein lek-person som
kjenner lokale tilhøve og gjerne den involverte familien,
dei vil vera totalt uinteressante!
Det bør i denne samanhengen nemnast at truleg vil ingen i
utvalet eller i sjølve barnevernet vera busette her i
bygda. Det er jo tradisjon for at i slike stillingar (som
elles i toppen av kommuneleiinga) ikkje bur her i bygda.
Kommune-mottoet som dei på eit vis siglar under, vert i så
måte kanskje litt malplassert. «Samnanger kommune – der du
vil leva og bu.»
Ekspertar
Det
er uaktuelt å tala kritisk om dei såkalla fag-personane som
ein no ønskjer å ha med i utvalet. Dei har sikkert mykje å
bidra med på sine område. Men på dette tidspunktet er det
etter mi meining høgst viktig også å tenkja prinsipielt og
å tenkja framover. Dette svikta dessverre litt under
formannskapsmøtet.
Mange av oss lekfolk som iherdig har kjempa mot den
nasegruse tiltrua til ekspertane, kjenner oss litt svikne
etter formannskapsmøtet. Me hugsar frå 2013 korleis
tidlegare ordførar og tidlegare varaordførar kom
triumferande tilbake til Samnanger etter å ha vore og
snakka med ein såkalla fag-person, Samnanger sin
kommuneadvokat.
På vegen heim gjekk dei to innom redaksjonen i Samningen
for å forkynna at me kunne ha full tillit til barnevernet.
Ekspertane innan barnevernet og denne juristen visste med
andre ord kva dei dreiv på med, så me ignorante lekfolk
kunne berre roa oss ned og halda munn.
No lyder det eit ekko frå farne tider: «Me må tru på
ekspertane!» Men burde me ikkje ha vorte klokare no?! Me
veit at ekspertar kan ta feil, kanskje delvis fordi dei
ikkje kan sjå heilskapen. Det kan til og med henda at
faglege idear nokre gonger ikkje i tilstrekkeleg grad er
vitskapleg funderte, men byggjer meir på innarbeida praksis
i eit lukka system. Og stundom burde også rein livsvisdom
kunna trumfa innavla, teoretiske idear.
Kan
blods-band og kjærleik sjåast bort frå?
Ein
bestemt teori ser ut til å ha fått ein del fotfeste her i
landet, til dømes mellom psykologar. Teorien går kort sagt
ut på at blods-band og kjærleiken mellom born og foreldre,
det er ting som ein kan sjå heilt bort frå. Erfaringa viser
noko anna. Og det gjer visst etterkvart også vitskapen!
Er det forresten ikkje litt spesielt kor populære
NRK-programma «Tore på sporet» har vore? Dei har nettopp
spesielt handla om desse «merkelege» banda mellom born og
kjøtlege foreldre. Det har av ulike grunnar dukka opp eit
og anna unnatak i programma, men hovudregelen har vore at
ein har oppdaga ei nær sagt uforklarleg kontakt mellom eit
barn og den «rette» mora.
Å få vera vitne til denne kontakta, gjer til og med noko
med oss sjåarane. Det heile vekkjer i oss kjensler som gjer
augene våre våte. Me kjenner inni oss at her skjedde det
noko rett og godt!
Igjen
tru på ekspertane?
Tilbake
til ekspert-tiltrua hos tidlegare kommuneleiing: Ein gong
til prøvde kommuneleiinga å overtyda bygdefolket om å tru
på ekspertane, det og skjedde i 2013. Då var det ordføraren
og rådmannen som hadde vore og fortalt sin versjon til
fylkeslegen. Denne gongen vart overskrifta i Samningen at
barnevernsleiaren var frikjent!
Det vart på formannskapsmøtet argumentert med at
politikarane kunne overvaka barnevernet utan å ha med
lekfolk i utvalet. Både «ja» og «nei»! Når det no viser seg
at dei folkevalde igjen har fått så stor tru på ekspertane,
kan dette kanskje bli litt vanskeleg.
Me veit kor vanskeleg det var før 2013. Og hadde det ikkje
vore for at nokre få kommunestyre-representantar lytta til
bygdefolket og stod veldig sterkt på for å få retta lyset
mot dei mørke områda, så ville ingen ting positivt ha
skjedd med barnevernet.
Det er faktisk grunn til å tenkja at det er mykje betre å
ha med i utvalet personar som gjennom mangfaldet og den
lokale forankringa kan sikra kvalitetssikring under vegs,
heller enn i ettertid å prøva seg med kvalitetskontroll av
ting ein uansett ikkje skal ha noko innsyn i. God
kvalitetsstyring er nettopp prinsippet om å byggja inn
kvalitet i heile prosessen, heller enn å prøva å
kontrollera seg til kvalitet i ettertid!!
Det ville elles vera meiningslaust å tenkja at det ikkje må
vera med bygdefolk i utvalet fordi dei ikkje må få vita
ting hemmelege ting om sine sambygdingar. Det er jo eit
faktum at når ein nabo har visst ein del om tilhøva, så har
det vore til hjelp i mange ulike situasjonar. Og ein kan
sjølvsagt forventa at ein lek-person klarer å overhalda
teieplikta like godt som ein fag-person.
Kven
er ekspert?
Dersom
det til dømes var ein lærar som skulle vera med i utvalet,
så ville ho/han vera vel van med å overhalda teieplikta. Og
sjølv om ho/han ikkje kan kallast fag-person etter slik som
formannskaps-fleirtalet definerer det, så vert det nesten
litt latterleg å hevda at han ho/han ikkje ville kunna
hanga med i drøftinga i utvalet. Vedkomande ville jo også
ha eit visst grunnlag av både pedagogikk og psykologi.
Ein lærar ville ikkje minst kunna ha bra kjennskap til born
og deira måte å vera på eller å reagera på. På dette feltet
ville nok ein lærar i fleire tilfelle vera ein betre
fag-person enn til dømes ein advokat!
Ein av grunnane til at eg nemner at til dømes ein lærar kan
vera ein aktuell lek-person i utvalet, er at det i
barneverns-diskusjonen har vore lærarar engasjerte på begge
sider. Og truleg har dei alle meint at dei har kunna uttala
seg med ein bra porsjon av innsikt og kunnskap.
Det kan leggjas til (som ein liten digresjon) at til dømes
ein instans som tingretten absolutt burde vera interessert
i kva tilsette i skulen heilt konkret kan fortelja om born
som har kome i barnevernet sitt søkelys. Dessverre vert det
hevda at tingretten legg nær sagt all vekt på kva
«ekspertane» innan barnevernet
(barnevernsleiar/fylkesnemnd) har produsert, stundom ved
hjelp av psykologar som driv med sitt oppkonstruerte og
grunnlause «psykobabbel».
Er
lekfolk til skade eller gagn?
Då
eg la ut det som eg har skrive ovanfor, på «For Samningar:
Ope politisk forum», la ordføraren ut ein kommentar. Der
vedgår han at det ikkje vil skada barneverns-utvalet om det
er lekfolk med. Det tek eg ad notam. Det eg imidlertid
hadde håpa, det var at både han og mange andre hadde sett
at det tvert om ville gagna
barneverns-utvalet
å ha med lekfolk!
Eg er elles bekymra for at ein i for stor grad held seg til
det eksisterande barnevernet sine premissar når ein
definerer kva «fagfolk» ein ønskjer å ha med i det utvalet
som skal vera ein ressurs for barnevernstenesta her i
Samnanger.
Det er viktig å vera klar over at det slett ikkje er
mangelen på såkalla «fagfolk» som har gjort at mange
barnevernssaker har gått frykteleg feil her i landet og her
i bygda. Kanskje ville det vera nyttig å revurdera kva
kunnskapar og livsvisdom som skal definerast som nødvendig
«fag-kunnskap» i samband med barnevern.
Eg var inne på det ovanfor: Kunnskap om nærmiljø og
familie-tilhøve burde også absolutt vore definert som
viktig «fag-kunnskap» i denne samanhengen. Dette
kunnskaps-området ser ikkje ut til å vera representert i
den «gode faglege breidda» som ordføraren viser til i sin
kommentar.
Fag
Det
kunne i denne samanhengen vera nyttig å retta søkelyset mot
eit fag som har vorte direkte misbrukt innan barnevernet.
Psykologi. Fleire har hevda at når barnevernet innser at
dei kan ha tatt feil i ei sak der eit barn har blitt tatt
bort frå foreldra, og det har vist seg at barnet faktisk
har ikkje vorte utsett for vold, då vert ikkje barnet
«automatisk returnert», men barnevernet går ofte til det
som ein kanskje kan kalla ein «Plan B».
Ein psykolog som er høgst venleg innstilt mot
barneverns-systemet, vert kopla inn, og denne psykologen
«finn ut» at far og/eller mor ikkje er skikka til å ha
barnet. Det kan sjølvsagt seiast mykje meir om akkurat
dette tilhøvet, men det er grunn til å tru at dersom alle
norske foreldre vart utsett for det presset som det er å
verta kjørt til veggs av ein nådelaus psykolog rett etter
at dei har mist barnet sitt til barnevernet, så ville desse
psykologane temmeleg sikkert kunna fastslå at over
halvparten av norske foreldre (psykologar inkludert) ikkje
er skikka til å vera foreldre!
Når det gjeld kven som skal vera med i utvalet, vil eg her
presisera at då eg ovanfor nemnde at til dømes kunne ein
lærar vera med i utvalet, så gjorde eg det berre for å koma
med eit døme på ein person som barnevernet normalt vil
oppfatta som ein lekmann, men som også er van med å
overhalda teieplikt.
Kompetanse
som bør vera med
La
meg her seia at aller helst burde ein hatt med ein eller to
personar som har vore utsett for barnevernet sine
handlingar! Ein person frå den kategorien, er truleg ein
mykje betre ressurs for barnevernet enn til dømes ein
person som har vore ein «sandpåstrøar» innanfor
barneverns-systemet.
Eg vedgår elles at ein person med juridisk kompetanse er OK
å ha med – dersom dette dermed kan vera den personen som
trengst for heile tida å minna barnevernet om å ta dommane
frå EMD på alvor. Dette inneber mellom anna at ein gir
barnevernet råd om å sørgja for rikeleg med samvær mellom
bort-tekne born og familiane deira, og alltid ha som
siktemålet at borna skal få koma fort heimatt. Me burde vel
alle no etterkvart ha innsett at dette er tilhøve som i
stor grad har svikta her i landet!
Men eg vil altså hevda at ein person som har opplevt
barneverns-regimet på kroppen, kan gi råd som er like
viktige som råda frå ein jurist. Til dømes trengst det at
barnevernet vert minna om at foreldre og besteforeldre –
uansett kor fortvila og usikre dei kan verka i møte med
barnevernet – alltid
skal møtast med
respekt. Dette er noko som dei såkalla fagfolka hittil har
vore bevisleg dårlege på. Foreldre og andre i familien har
ofte opplevt at dei har vorte møtte med ei nedlatande
haldning hos fagfolka.
Kvifor
utsetjing?
Og,
nei, det er ikkje smart å utsetja i to år innføringa av ei
større breidde i utvalet, slik ordføraren og andre går inn
for. Det er fornuftig heilt frå starten av å få med folk
som tenkjer annleis enn dei som no vert kalla fagfolk.
Dessutan veit me så altfor godt korleis det ofte går når
ein viser til ei evaluering skal gjerast seinare ein gong.
Det heile vert gjerne eit overflatisk spel for galleriet. I
tillegg kan det i ettertid vera vanskeleg å vurdera kva ein
gjekk glipp av om ein ikkje har noko å samanlikna med.
Det er sjølvsagt bra at ein no kan handplukka «fagfolk» som
ein har fått inntrykk av at kan sjå barnevern frå ei anna
side enn det ein har gjort når ein ei stund har late seg
prega av hovudtendensen i det norske barnevernet! Det er
ikkje dermed sagt at breidda ikkje kunne vore betre.
Det har forresten kome fram at ein av dei som truleg vert
med i barneverns-utvalet, har hatt bestemte meiningar om
reglane for barnevernsarbeidet. I samband med at eit barn
som er overtatt av barnevernet skal ha rett til kontakt med
familien sin, ville vedkomande ha med vilkåret om at det i
så fall måtte vera «til barnets beste».
Her blinkar ei klar varsel-lampe! Vedkomande spelar nemleg
her ballen rett i fanget på det noverande, norske
barneverns-systemet. Uttrykket «til barnets beste» er eit
kjært «barn» for barnevernet, og saman med dette uttrykket
følgjer ei overtydinga om at den einaste instansen som
verkeleg kan vurdera kva som er barnets beste, det er
nettopp barnevernet! Og det har dessverre vist seg
utvetydig klart at barnevernet si vurdering er at eit barn
som er tatt frå familien sin, ikkje har godt av å ha
kontakt med familien sin!
På grunn av barnevernet sin vanlege praksis med at eit
barneverns-overtatt barn får altfor lite samvær med
familien (jfr dommane i EMD), burde heller ordlyden i
regelen vera at barnet har krav på hyppig kontakt med
familien sin (og omvendt), «med mindre det kan
dokumenterast
at barnet i så fall
kan risikera å verta skadd.»
Det burde vera innlysande at hyppig kontakt med familien er
høgst viktig når hovudregelen jo skal
vera at
barnet raskt skal tilbake til sine nære og kjære.
**
Se
også
Knut
Inge Røen:
"Tilgjevelege feil"
MHS's
hjemmeside, 13 mai 2020
– : Barnevernet: Kan endringar lokalt påverka
nasjonalt?
MHS's
hjemmeside, 30 juni 2020
– : To innlegg om barnevernssaka i
Samnanger
Spanande
kommunestyremøte
Ein artikkel av advokat Birthe M. Eriksen
om Samnanger-granskinga i 2019-20
MHS's
hjemmeside, 10 juni 2020
Arne A. Kallevik:
Faglig
blekksprutaktivitet
MHS's
hjemmeside, 13 desember 2019
Erene Solsvik Bruvik:
Avisa Dagen og
barnevernet
MHS's
hjemmeside, 4 september 2019
Marianne Haslev Skånland:
Rapport og artikler om barnevernet i
Samnanger
MHS's
hjemmeside, 28 mai 2020, oppdatert 13
juni og 4 september 2020
– : Noen barnefaglige
eksperter
MHS's
hjemmeside, 26 august 2018 –
– : Vurderingen av det biologiske prinsipp i
Raundalen-utvalgets innstilling NOU 2012-5 og i
presentasjonen av den
MHS's
hjemmeside, 25 oktober 2020
Bjørn Bjøro:
Den opplyste debatten om barnevern i
Samnanger skulle ikke funnet sted
MHS's
hjemmeside, 3 februar 2021
Marius Reikerås:
3 juli 2020: Til ordføreren i Bergen: Varsel om
oversendelse av Samnanger-sak til
EMD
MHS's
hjemmeside, 5 juli 2020
Anita Skippervik:
Nemndene står for 91% menneskerettsbrudd
om samvær uten at staten vil reparere
de
MHS's
hjemmeside, 26 januar 2021
Redaksjonen, Norge IDAG:
– Behov for lovendring om
Barnevernet
Intervju med advokat Sverre
Kvilhaug
MHS's
hjemmeside, 8 oktober 2016
– : Barnevernet i Norge –
Befringutvalget
Internasjonal barnevernforskning av
betydning for spørsmålet om omsorgsovertakelse er til
barnets beste
MHS's
hjemmeside, 7 juni 2000
*