*
16 juni 2020
Øyvind Røen:
Barnevernet
i Bergen
• • •
Artikkelen ble publisert
som innlegg på facebook-siden 'For Samningar:
Ope politisk forum' den 15 juni 2020.
Den er trykket her med forfatterens sjenerøse samtykke.
• • •
Då me lét Bergen ta over barnevernstenestene våre var det
sjølvsagt i von om at det skulle verta betre enn det
"regimet" me hadde. Den vona har eg hatt til no, men det er
lite eg veit sikkert om dette. Sjølv om eg sete som
varaordførar desse åra, er framleis barnevernet ei teneste
eg har svært lite innsyn i. Javel, eg kan lesa nokre
statistikkar, men det er frustrerande å vera med på å løyva
store pengar til noko som me som kommunestyrerepresentantar
veit så lite om. (Eit lite symptom på dette er at i siste
årsmeldinga frå rådmannen, som kommestyret nett handsama,
var barnevernet gløymt.)
Det er fleire ting som har gjort meg uroleg når det gjeld
barnevernet i Bergen. For det første er det
Fjeld-rapporten. I rapporten får barnevernet i Bergen sterk
kritikk i ni av ti granska saker. Sakshandsaminga har vore
for dårleg, med til dels store konsekvensar for born og
familie.
Eg har òg vorte skremt av reaksjonane barnevernet i Arna og
Åsane har kome med til vår eigen granskingsrapport i
Samnanger. Så vidt eg skjønar, har dei gjeve uttrykk for at
dei ikkje treng ta omsyn til rapporten når det gjeld eigen
praksis for samværsrett m.m. for born som er omtala i
rapporten, og som barnevernet framleis har ansvar for.
Og så er det måten barnevernet i Bergen reagerer på
søksmålet som Samnanger kommune no vurderer. Eg kan for så
vidt forstå at det går an å ha eit prinsipielt standpunkt
om at det ikkje skal vera mogeleg å saksøkja tidlegare
tilsette, sjølv om eg er ueinig i eit slikt standpunkt. Men
det eg ikkje kan forstå, er at barnevernet – og Bergen
kommune? – tilsynelatande utan reservasjonar solidariserer
seg med den tidlegare barnevernsleiaren i Samnanger. Ikkje
eitt ord har kome om at det som har skjedd i Samnanger, er
uakseptabelt. Då melder det seg spørsmål om dei tilsette i
barnevernet i Bergen ser på det som har vorte gjort i
Samnanger, som noko dei òg kunne ha gjort. Kvifor skulle
det elles vera så livsfarleg for dei som arbeider i
barnevernet no, om Samnanger vil stilla den tidlegare
barnevernsleiaren til ansvar?
Eg meiner det er all grunn til å sjå om me kan byggja opp
noko betre enn barnevernet i Bergen.
**
Relatert
Olav Terje Bergo:
Hva frykter de
barnevernsansatte?
MHS's
hjemmeside, 15 juni 2020
Reagerer sterkt på "trugslar" – kommunen
trekkjer seg frå
barnevernssamarbeid
nrk
Vestland, 13 juni 2020
Vil kutte barnevern-samarbeid med
Bergen
Dagbladet,
13 juni 2020
Kommune vil saksøka tidlegare
barnevernssjef: Barnevernstilsette fryktar for
framtida
nrk
Vestland, 12 juni 2020
(Artikkelen har hatt forskjellige titler gjennom
oppdateringer, bl.a
"Dagen derpå for barnevernstilsette: – Kan eg forventa å
bli saksøkt om 15 år?" og "Tilsette i barnevernet vil
sparka Samnanger ut av samarbeid")
Barnevernskandalen i
Samnanger:
Vil rettsforfølge fylkesnemnd, tingrett
og tidligere barnevernsjef
tv2,
11 juni 2020
Hallvard Tysse:
Stort fleirtal for å gå vidare med
barnevernssaka
Samningen,
11 juni 2020
Samnanger kommune – Kommunestyremøte
11.06.2020
Video
Møtedelen som angår barnevernssaken: fra
2:09:15
Samnanger
Kommune, 11 juni 2020
Denne lenken fungerer også.
Knut Harald Frøland:
Ei naudsynt
gransking
Bergens
Tidende, 11 juni 2020
Rapport og artikler om barnevernet i
Samnanger
Ved
Marianne Haslev Skånland
MHS's
hjemmeside, oppdatert per 28 mai,
deretter senest 16 juni 2020
*