*
10
juni 2016
Marta Straume:
Barnevern på
Karl Johan
•••
Innlegget sto på
trykk i Vårt Land den 8 juni 2016. Det er publisert her med
forfatterens velvillige samtykke. Forfatteren er bosatt i
Bergen.
•••
Etter å ha lese Trygve W. Jordheim si ytring
"Barnevernskonspirasjonen" (Vårt Land 1. juni), kjenner eg
trong til å ta til motmæle. Som fostermor og lærar i
grunnskule og høgskule, tenkte eg alltid tidlegare: "Når
barnevernet grip inn, har dei nok ein god grunn for det."
Eg har fått sjå at det kan vera sant, og det kan vera
frykteleg feil. Truleg har ikkje Trygve W. Jordheim slike
erfaringar.
I lang tid har eg følgt nokså mange ulike familiar i fleire
landsdelar, der barnevernet har misforstått si rolle og
fremja sak for Fylkesnemnda om omsorgsovertaking. Når både
Fylkesnemnda og rettsvesenet har større tillit til
barnevernet sine utgreiingar enn til det dei vitna som
kjenner foreldra, kan forklara, har jeg sett søsken (etnisk
norske) bli spreidde i fosterheimar langt frå kvarandre til
uboteleg skade for alle.
Når born og foreldre har blitt krenka av maktapparat med
rett til å definera, er det ikkje rart om dei finn saman på
Karl Johan og skrik. Mange av desse har sete åleine og
gråte i heimane sine i mange år.
Ver så snill: Ikkje krenk desse menneska endå meir ved å
kritisera måten dei ytrar seg på. Vi får ikkje gjort noko
godt ved å kritisera dei som skrik.
Vi treng eit barnevern, men ikkje det "barnevernet" som går
i skyttargraver med definisjonsmakta si.
**
Trygve W. Jordheim:
Den skadelige
barnevernskonspirasjonen
Vårt
Land,
31 mai 2016
Marianne Haslev Skånland:
Avisen Vårt Land igjen – oppsatt på å
"tro", og ivrig
etter å skade dem som allerede er
mishandlet
1
juni 2016
Marta Straume, lektor og
tilsynslærer for hjemmeundervisere:
'Når prisen blir
for høg – om mobbing i skulen' i
Christian W. Beck, Marta B. Straume, Finn Jarle Sæle,
Jan-Aage Torp(red):
Statens
barn?
Birkeland: Forlaget Exodus, 20
august 1996. ISBN 82-7514-033-1
– : 'Hjemmeundervisning'
i
Christian W. Beck, Marta B. Straume, Finn Jarle Sæle,
Jan-Aage Torp(red):
Statens
barn?
Birkeland: Forlaget Exodus, 20
august 1996. ISBN 82-7514-033-1
Marta Bergo Straume:
Foreldreansvar
når barn treng vern mot skulen
Foreldreansvar
når barn treng vern mot skulen
Birkeland: Forlaget Exodus,
1995. ISBN 82-7514-032-3
*