*


4 januar 2018




Oddvar Espegard:

Åpent brev
Svar til rådmann Tone Tveito Eidnes, Ål



• • •
Innlegget ble innsendt til avisen Hallingdølen den 31 august og publisert 13 september 2018.
Det er trykket her med forfatterens velvillige tillatelse.
• • •


Rådmannen går ut i Hallingdølen tysdag 10. juli og fortel:
«- dette tek eg på høgste alvor. Det dreier seg om at fødselstalet i Ål går ned med 2/3-delar, frå 47 til 17, for å bruke tal.»

For meg er det reint vondt å lese at rådmann Tveito Eidnes vil stå offentleg fram og uttrykkje seg på den måten. Det er ein sum av rammevilkåra for barnefamiliane i kommunen vår. Nokre vilkår har kommunen styring på, og andre forhold styrer dei ikkje. Her har me barnetrygda, den kunne, for eksempel, med stor fordel ha vore mangedobla. Men kommunen kunne premiere dei familiane som fekk mange barn. Og premiane kunne vera av ulike slag. For det 4. barnet i ein familie kunne kommunen gje ei oppmuntring på 40.000 kroner, for det femte barnet kunne premien vera 50.000 kroner. Det var det pengemessige.

Men me, Lill-Ann Bjørnholt og underteikna, var på kontoret og prata lenge med rådmann Tveito Eidnes for eit par år sidan. Då forklarte me, så tydeleg me kunne, kva som foregår på barnevernskontoret, og me åtvara henne om lovbrota, overgrepa og terroriseringa som folk heile tida er redde for derifrå. Kva ho har gjort med det, veit eg ikkje.

Men eg veit personleg at barnevernet i Ål har gjort feil, med alvorlege konsekvensar for dei det gjeld. Dette har eg, konkret i brevs form, underretta ordførar og kommunestyret om.

Kor stor erstatning er rimeleg når ein kommune gjer skadeverk og overgrep mot ein familie? Nokre millionar er ikkje det minste for mykje. Professor Marianne Haslev Skånland, som har granska barnevernet i meir enn 25 år, sa det slik i ein samtale eg hadde med henne: Når eit barn urettmessig blir fråteken foreldra sine og syskena sine, så bør det erstattast med minimum kr. 100.000,- for kvar månad som har gått og for kvart barn.

Eg veit om fleire familiar som førebur sine krav om erstatning, - i million-klassen. Kvifor må du, rådmann Tone Tveito Eidnes, drive ein hjelpeetat, med slike midlar og på ein slik måte, at de skadar barn og foreldre? Kvifor kan de ikkje hjelpe til, slik at brukarane av desse gode tenestene dikkos blir fornøgde, og de oppnår gode resultat? Ein hjelper då ikkje barn i dette landet ved å gjera dei vondt, ved å skade dei, ved å øydeleggje dei? Kvar kjem denne kunnskapen frå, kvar kjem dette faget i barnevernstudiet frå?

Og så står du fram i Hallingdølen og seier at du tek desse låge fødselstala på høgste alvor. Det gjer meg rett vondt å lese det.

Det du og dine undersottar gjer, er at de direkte påverkar fødselstala negativt. Er dette så vanskeleg å skjøne? Når plutseleg ein elev her og ein annan elev i ein annan klasse, ein dag blir burte frå pulten sin, så blir dette spurt i bygda. Me pratar her om å øydeleggje familiane våre. I fjor måtte ein stor familie røme landet. Og då går folketalet ned -- når de rett og slett kjeppjagar dei ut av bygda. Og det er mange slike familiar i Noreg, dei flyktar frå terroren dei oppfattar at barnevernet rettar mot dei. Folk blir redde. Sjølvsagt blir dei det!

Dette åtvara me deg mot for nokre år sidan, og eg spør deg:

Når vil du ta åtvaringane våre på alvor?
Då fyrst blir det meining og sanning i orda dine: Slike fødselstal tek eg på høgste alvor. Lukke til!


****

Oddvar Espegards betraktninger er faktisk en treffende forhåndskommentar til Erna Solbergs blinde nyttårstale, som uten å ta kritikken av barnevernet alvorlig fortsetter på regjeringens ødeleggende linje med mere barnevern, fosterhjem, og ingen tankevirksomhet rettet mot barnevernets skjeve påstander om virkeligheten.
MHS


Statsministerens nyttårstale 2019
Av Statsminister Erna Solberg
Regjeringen, 1 januar 2019

Ellinor Nerbø:
Hørte jeg virkelig rett?
Tidens Krav, 4 januar 2019

Video:
I Ål i Hallingdal gikk nylig rådmann ut i lokalavisen og var svært bekymret for nedgangen i barnefødsler i kommunen
Family Channel – Focus on Family & Human rights in Norway, på facebook, 25 juli 2018

Video:
Hør hvordan barnevernet søker hindre innsyn
Family Channel – Focus on Family & Human rights in Norway, på facebook, 26 juli 2018



*