*
6 september 2020
Sylvia Haga:
Forteljinga
som manglar
• • • •
Innlegget ble publisert
i facebook-gruppen For Samningar: Ope Politisk
Forum den 3 juli 2020, etter NRK
Vestlands publisering av Barnevernsbarn i Samnanger: – Hadde ikkje
vore i live i dag utan barnevernet.
Flere gode kommentarer står å lese under
facebook-posteringen.
Innlegget er publisert her med forfatterens sjenerøse
tillatelse.
• • • •
I NRK Vestland har 'Ane' fått stå fram med si forteljing i
eit lengre intervju med jenta. Reportasjen er også
publisert i denne facebook-gruppa. Me har prøvd å unngå at
dette blir bretta ut i media og på Facebook. Vi meiner at
slike sensitive saker som involverer barn, etter 'Ver
varsam-plakaten' ikkje høyrer heime i media (pkt 4.8). Når
intervjuet likevel er blitt publisert, kjenner vi oss
tvungne til å imøtegå ein del av påstandane som kjem fram i
reportasjen. Dette innlegget er også anonymisert med
pseudonymet 'Ane'.
Det er med fortviling og sorg vi les korleis 'Ane' skildrar
oppveksten sin hos mor og stefar i Samnanger. Overskrifta
"Hadde ikkje vore i live i dag utan barnevernet" er vond å
lesa for familien som gjorde alt for at ho skulle bli
inkludert og finna seg til rette både i ny familie og nytt
land. Vi møter ei jente som skildrar ein svært vanskeleg
oppvekst, og som no føler ho må fortelja sin historie for å
balansera kritikken mot barnevernet.
Som familie må me først seia at det var ingen ting anna me
ville enn å gje jenta ein god barndom. Det som ikkje kjem
fram i 'Ane' si forteljing er historia om dei fem første
leveåra hennar. 'Ane' vart henta til Noreg som 5-åring. Mor
var då etablert i Noreg og ville henta heim den thailandske
dottera si. 'Ane' hadde desse første åra budd hos
farsfamilien i lutfattige forhold. Mor måtte ha
politieskorte då ho henta jenta. 'Ane' var vanstelt og
hadde store blåmerke i ansiktet og måtte ha legebehandling
for dette på sjukehus i nærmaste by – Buriram.
Kva som kan ha skjedd av vidare omsorgssvikt, vald og
overgrep i Thailand, kjenner vi ikkje til, men jenta var
tydeleg prega av det ho hadde opplevd då ho kom til Noreg
og Samnanger. Traume og psykiske lidingar ho fortel om i
dag kan også ha opphav i dette. Familien gjorde barnevernet
kjent med denne bakgrunnen tidleg etter omsorgsovertakinga.
Dette vart ikkje vektlagt. Hadde denne tråden blitt teke
opp av barnevernet den gongen og sett inn passande tiltak i
forhold til dette, hadde kanskje saka utvikla seg i ei anna
retning. I dag veit verken mor eller stefar om 'Ane' har
fått bearbeidd denne delen av oppveksten sin.
Forsking slår fast at dei første leveåra er svært viktige i
eit menneskeliv. Forsking viser også at mange barn som har
levd under vanskelege forhold dei første åra, i mange
tilfelle kan ha vonde minne med seg. Vonde opplevingar kjem
ofte til overflata seinare – gjerne i ungdomsalder. Nokre
gonger utviklar det seg såkalla 'falske minne' – sjå også
artikkelen på lenka nedanfor:
Alarm om falske
minner
I Noreg kom 'Ane' inn i ein raus og ressurssterk
storfamilie og eit nettverk med mange barn rundt seg. Ho
starta straks i barnehage og lærde seg raskt norsk, og ho
deltok i fritidsaktivitetar som andre barn. Ho vart kjærleg
teke i mot av oss og familien, og vi i næraste familie
rekna ho som ein av våre. Mange rundt henne kan fortelja om
ei blid og grei jenta, og var ofte å sjå på fanget til dei
ho i dag skuldar for overgrep. Ho kunne også vera
krevjande, og var meir enn vanleg kontaktsøkande.
'Ane' påstår at mora slo henne jamleg. Det har i så fall
skjedd utan at nokon andre i familien har sett det. Ho
påstår at fleire visste om dette. Det avviser vi. Hadde
dette blitt oppdaga, ville mora blitt korrigert. Ingen i
familien aksepterer nokon form for vald mot barn.
'Ane' fortel sjølv at ho måtte passa småsøskena sine mykje.
Her møtte nok 'Ane' ulike kulturelle forventningar frå mor
og samfunnet rundt henne – noko som kunne bli vanskeleg og
kjennast urettferdig.
Dei forferdelege påstandane om overgrep av nære
familiemedlemmer er for oss openbert usanne og heilt
uforståelege. For det første er det påfallande at
forklaringa hennar har endra seg fleire gonger undervegs.
Den eine av dei anklaga vart alvorleg kreftsjuk i 2010 og
var på sjukehus i lang tid. Helsa var redusert i ei slik
grad at det er svært lite sannsynleg at påståtte overgrep
kan ha funne stad i denne tida slik ho hevdar. Skuldingane
frå 'Ane' er svært diffuse – konkrete episodar 'Ane' hevdar
har skjedd, stemmer ikkje. Det er dessutan underleg at
ingen andre barn har oppdaga slike tendensar hos dei som er
utsett for desse klagemåla.
Politiet har undersøkt hus og stader som er skildra i
forteljinga til 'Ane'. Påtalemakta (statsadvokaten) uttalte
at det ikkje er andre haldepunkt som støtter hennar
forklaring og la bort saka. Dette klaga 'Ane' på og dette
vart prøvd i overordna instans i påtalemakta som er
Riksadvokaten. Saka vart til slutt lagt bort av
Riksadvokaten også. Det betyr at påstandane heilt klart
ikkje ville ført fram i ei rettsak.
Det er gjort eit stort poeng av at Kontoret for
voldsoffererstatning likevel har gjeve valdsoffererstatning
til jenta. Det er viktig å vera klar over at dette kontoret
ikkje har høve til å ta stilling til skuldspørsmålet. Dei
skal berre avgjera om det er sannsynleg at personen er
utsett for ei straffbar handling, og skal ikkje ta stilling
til kven som har gjort denne påståtte ugjerninga. Difor får
ikkje den påståtte skadevaldaren føra motbevis –
vedkommande er ikkje part i saka og skal vera anonymisert.
Noko anna ville vore i strid med Grunnlova som sler fast at
berre ein domstol kan avgjera skuldspørsmålet i ei
straffesak. Menneskerettskonvensjonen seier det same – og
understrekar uskuldspresumpsjonen – ein person skal reknast
som uskuldig til han er dømd av ein domstol. Det er
altså ikkje
ført
haldbare bevis for at straffbare handlingar er gjort av
familiemedlemane slik 'Ane' hevdar. Difor har ikkje
påtalemakta teke ut tiltale.
I Noreg hevdar me at me lever i ein rettsstat. I ein
rettsstat er det ein menneskerett å bli rekna som uskuldig
når ein ikkje er dømd for noko i ein domstol. Å spreia
mistankar etter at skuldspørsmålet er teke stilling til av
politi og påtalemakt, er ikkje mindre enn brot på
menneskerettane og vernet om privatlivets fred som vi alle
ønskjer å verna om. NRK som statsfinansiert kanal, burde
difor ikkje medverka til å henga ut personar som det ikkje
eingong er teke ut tiltale mot etter ein grundig prosess i
politi og påtalemakt.
Historia starta godt i 2008. Vi henta 'Ane' til Noreg for
at ho skulle få eit betre liv – få veksa opp i Noreg, få
utdanning og ta del i gode velferdsordningar. Frå 2013
snudde det heile seg til eit samanhengande mareritt som har
vart i over 7 år. Ein kjernefamilie er øydelagd og fleire
har fått psykiske og andre helseproblem – og besteforeldre
har fått ein øydelagt alderdom. Søsken er blitt splitta frå
kvarandre. Nokre bur i Thailand og kan ikkje lenger
kommunisera med biologisk far eller andre i familien. Alt
dette kan vi skriva tilbake til grove feil som no er
avdekka i barnevernet i Samnanger.
For familien,
Sylvia Haga
**
Se
også
Sylvia og Gottfred Haga:
Det har vore ein sju pr lang
kamp
MHS's
hjemmeside, 6 september 2020
Siv Westerberg:
Fosterbarn som god
butikk
MHS's
hjemmeside, juli 1995 – 6 september 2013
Olav Terje Bergo:
Partisk
fylkesnemndleder
MHS's
hjemmeside, 16 september 2018
Marianne
Haslev Skånland:
Nei, Bjugn-saken skal ikke først og
fremst legges død
MHS's
hjemmeside, 10 juni 2006
Erland
Løken:
Det kriminelle
barnevern
BarnasRett,
ca 2007
Gunn Hege Finstad frikjent for
incest-anklager
BarnasRett,
samlemappe 2003-04
Jan Pedersen:
Statsråd Helleland med selvskryt –
barnevernloven må bort!
MHS's
hjemmeside, 18 september 2018
Jan Simonsen:
Erna Solbergs hvitvasking av
barnevernet
MHS's
hjemmeside, 7 januar 2019
familien-er-samlet:
6 år som flyktninger, og et lite blikk på
Norge
MHS's
hjemmeside, 12 november 2019
Arne Jarl Hatlem:
Barnevernet – nådeløse
nordmenn
MHS's
hjemmeside, 18 juli 2018
*