*

13 mai 2020




"Tilgjevelege feil"

Av Knut Inge Røen, Samnanger

• • • •
Innlegget har vært publisert på den politiske facebook-sida i Samnanger. Det tar utgangspunkt i uttalelser fra professor emeritus Jan Fridthjof Bernt i artikkelen Elden skal finna ut om kommunen kan saksøka eigne tilsette, publisert av NRK den 6 mai 2020. Professor Bernt "meiner det i slike saker bør vera eit ganske vidt rom for tilgjevelege og forståelege feil".

Innlegget er trykket her med forfatterens sjenerøse tillatelse.
• • • •



Har ein eit snev av normalt utvikla empati, så vil ein kjenna at det gjer vondt inn i sjela når ein høyrer om overgrepa til barnevernet i Samnanger. Forteljinga om søskena som vart rivne bort frå kvarandre og faren, får nok mange av oss til å verta temmeleg blanke i augene. Dette må vel vera psykisk tortur?

Når eg brukar ordet "tortur", så slengjer eg det ikkje berre ut for å bruka eit sterkt ord som skal gi litt utløp for ei sterk kjensle av frustrasjon. Eg meiner det vert vanskeleg å sjå barnevernet sine overgrep som noko mindre enn nettopp psykisk tortur. Den reduserte livskvaliteten til fleire involverte stadfestar jo og ein slik påstand.

Eg vil ikkje gå inn i ein diskusjon om kva motiv som måtte liggja bak torturen, anten det handlar om forkvakla retningslinjer, rein tankeløyse og inkompetanse eller faktisk eit snev av sadisme. Det som likevel må seiast, det er at posisjonar som medfører stor makt over andre menneske, må stengjast for menneske som manglar empati.


Strafferett?

Eg har ei viss forståing for at kommunen no har fokusert ein del på dei store utgiftene som barnevernet har påført kommunekassa, og at ein gjennom dette i det minste prøver å senda eit tydeleg signal til dei involverte. Men eg meiner at tortur-aspektet også burde ha medført eit strafferettsleg oppgjer. Ingen skal ustraffa kunna utsetja sine medmenneske for det som ein del har vorte utsett for frå barnevernet si side – og indirekte frå dei instansane som burde ha stoppa vondskapen.


Dette må på ingen måte få handla om noko form for hemnlyst. Det er berre så enkelt som at her i landet har me som eit prinsipp at brotsverk skal medføra ei straff som står i høve til det aktuelle brotsverket. Dette skal mellom anna verka preventivt.

Dessverre tyder enkelte utsegner på at offentleg tilsette personar i kraft av si stilling skal kunna gjera temmeleg grove ting utan at det skal få følgjer. Meiningslaust. Er det til dømes slik at offentleg tilsette straffefritt skal kunna gjera ting som det offentlege på si side nær sagt automatisk ville ha straffa ein privatperson svært hardt for?!

Apropos hard straff: Det er jo faktisk slik at nettopp i barnevernssaker kan det offentlege gi ein far og ei mor den verste straff som tenkjast kan – borna vert tekne frå dei. Og straffa kan i praksis baserast på ein mistanke. Og endå om politiet i ettertid avdekkar at mistanken var utan grunn, så har det i mange tilfelle vorte slik at borna ikkje kjem tilbake. Mellom anna fordi barnevernet i slike tilfelle har ein Plan B.


Barnevernet har vanskeleg for å snu

Barnevernet ser ut til å ha som eit prinsipp at ein må så langt det er mogeleg hindra at tiltak eller vedtak vert omgjorde. Er ein kanskje redd for at slikt kan føra til at folk skal missa eventuell tillit dei måtte ha til barnevernet?


Det har skjedd meir enn ein gong at dersom det har vist seg at barnevernet har handla på sviktande grunnlag, då koplar barnevernet inn ein "barnevern-venleg" psykolog. Psykologen kan på grunnlag av informasjon frå barnevernet utarbeida ein rapport som hevdar at foreldra ikkje er skikka til å vera foreldre.

Ikkje til å tru? Kanskje ikkje. Problemet er at dette har skjedd, til og med her i Samnanger. Ein psykolog argumenterte til dømes med at det i ein bestemt familie hadde vore vold i generasjonar! Dette var blank lygn!

Har ein problem med å få nok tyngd på dette viset, så kan ein kanskje få framskaffa endå kraftigare skudlingar mot heimen, skuldingar som alltid må takast alvorleg og som vil setja familien på sidelinja i øydeleggande lang tid. Men dette vil eg ikkje gå meir inn på her.



Kven skal få definera kva som er "tilgjevelege feil"?

Jusprofessor (emeritus) Jan Fridthjof Bernt hevdar at det for folk i slike offentlege stillingar "bør vera eit ganske vidt rom for tilgjevelege og forståelege feil". Ein må undrast litt på kva som er tilgjeveleg og forståeleg av det verste som barnevernet har gjort...

Alle feil bør vel vera tilgivelege. Å tilgi set nemleg fri den som tilgir. Men er det det offentlege som skal avgjera at dei feil som er gjort av ein offentleg tillitsmann er "tilgjevelege feil" – når feila har ført til øydelagte ungdomsliv? Vert ikkje det litt provoserande?

Men ein barnevernsleiar ser altså ut til å vera godt verna mot å verta stilt ansvarleg. Bernt hevdar mellom anna følgjande: "Sjølv om ein person er sett til å leia eit ansvarsområde, vil både rådmann og folkevalde organ ha eit ansvar for å føra tilsyn med kva som skjer i tenesta. Og ved handsaming av mange vanskelege saker, må ein rekna med at det frå tid til anna blir gjort feil."

Det er nok rett. Men saka er sjølvsagt ikkje fullt så enkel. Det finst fleire tilhøve ein må ta omsyn til. I kva grad har ein bv-leiar til dømes ført rådmann og folkevalde bak lyset? Det kan mellom anna ha vorte gjort gjennom å praktisera eit overdrive hemmeleghald (slik den aller første rapporten her i Samnanger avdekka)?


Ansvaret for feil må ikkje få smuldra opp

Uansett må det ikkje verta slik at dersom ein rådmann og til dømes ein ordførar på ein eller annan måte er inne i bildet, så får ansvaret for det offentlege sine overgrep mot privatpersonar lov til å smuldra opp! Då får ein heller stilla også ein rådmann til ansvar. Og kanskje ein ordførar, dersom vedkomande heile vegen forsikrar kommunestyre-representantane om at alt er fullstendig i orden når det gjeld styringa av barnevernet.

Det vert argumentert med at det kan verta vanskeleg å få folk til å søkja offentlege jobbar dersom det ikkje kan gjerast den minste feil i jobben. I lys av det alvorlege som har skjedd i barnevernet her i Samnanger, vert eit slikt argument eit fullstendig bomskot. Her er det ikkje tale om små uhell, men om svært alvorlege feil.


Det er vel mogeleg at klimaet i rettsvesenet her i landet gjer det vanskeleg å koma nokon veg med å få straffa dei som har sett i verk torturen, men går ein heilt til topps i rettssystemet, så er Den europeiske menneskeretts-domstolen det siste trinnet. Der er det ikkje lenger tale om bukken og havresekken, så der kan utfallet verta eit heilt anna. Spesielt no etter at søkelyset alt har vorte sett på det norske barnevernet sine overgrep.


**



Se også


Var syv år da barnevernet frarøvet henne barndommen
tv2, 10 mai 2020

Begynte å skada seg etter overgrep og tvang
Samningen, 30 april 2020

Flere grove feil da Edvin ble fratatt ungene:
– Jeg får kanskje aldri vite hvorfor

tv2, 2-3 mai 2020

Brørne blei feilaktig henta av barnevernet:
– Eg hadde få vener. Så mista eg familien

nrk Vestland, 9 mai 2020

For Samningar: Ope politisk forum
Facebook-gruppe

Fellende dommer mot Norge ved Den Europeiske Menneskerettsdomstol (EMD) i barnevernssaker
MHS's hjemmeside, oppdatert per 12 mars 2020

Arild Erland:
Barnevernsovergrep uten rettslige konsekvenser
lailand.net, 21 juli 2009

Mina Hauge Nærland:
Marthe (30) ble fratatt babyen og sendt på tukthus
Den gangen fattigdom var en forbrytelse

Dagbladet, 19 februar 2009

Marianne Haslev Skånland:
Praktisk hjelp, husmorvikar, kommunenes og barnevernets oppførsel
MHS's hjemmeside, 17 september 2014

 – :  
Samnanger med fantastisk innsats mot overgrep fra barnevernet
MHS's hjemmeside, 4 september 2019

 – :  
Møte om barnevernet – politikerne ut av boblen?
MHS's hjemmeside, 28 april 2018

 – :  
Saken Glassjenta: Både Karmøy og Haugesund "forklarer og unnskylder" så det står etter
MHS's hjemmeside, 20 oktober 2016

Jan Myhre:
Forsvaret for barnevernet og kritikken av det
MHS's hjemmeside, 11 april 2019

familien-er-samlet:
Hvordan vurderer barnevernet bevis?
MHS's hjemmeside, 6 oktober 2018




*