*

27 mars 2023
 


 
Lovande rapport frå Barnevernsutvalet
 
Av Knut Inge Røen
 

• • • 
Artikkelen sto som debattinnlegg i Samningen den 21 mars 2023.
Den er trykket her med forfatterens sjenerøse tillatelse.
• • •
 
 

Barnevernsutvalet som vart oppnemnd av Solberg-regjeringa for to år sidan, overleverte måndag denne veka (20. mars) rapporten sin til Barne- og familieminister Kjersti Toppe. Rapporten inneheld ein grundig gjennomgang av det norske barnevernet og tilrådingar for å styrkja rettstryggleiken for barn og foreldre i barnevernet.
 
Sjølv om eg rimelegvis ikkje har lese gjennom den nesten sju hundre siders lange rapporten (inklusive eit tillegg om ei helse- og sosialreform i Finland), så tillèt eg meg likevel å gi uttrykk for ein viss optimisme i samband med publiseringa av rapporten.
 
*
 
Det var interessant å høyra diskusjonen i NRK Dagsnytt 18 same dagen som rapporten vart lagt fram. Leiaren i utvalet, Marit Skivenes, var heilt klar på at det norske barnevernet ikkje har fungert tilfredsstillande når det gjeld born sine rettar. Utvalet meiner det bør setjast i verk ei rekkje tiltak for å betra situasjonen.
 
Skivenes trekte spesielt fram eitt av dei føreslegne tiltaka: Ei ordning med ein eigen barnerepresentant – utanfor barnevernet. Denne barnerepresentanten skal berre vera oppteken av barnet sine rettar og ikkje av foreldra eller barnevernet.
 
Barnerepresentantordninga (BRO) skal følgja barnet frå det tidspunktet det vert vurdert å flytta barnet og i heile perioden medan barnet bur i fosterheim eller institusjon. BRO skal erstatta ordningane med talsperson, tilsynsperson og tillitsperson – og når sakkunnige har vorte brukte for å innhenta barnet si meining.
 
*
 
Trua mi på at dette kan vera eit fornuftig tiltak auka faktisk då det viste seg at leiaren for forbundet der mange barnvernstilsette er organiserte, Mimmi Kvisvik, var negativ til tiltaket. At ho var negativ, kan nemleg sterkt tyda på at BRO vil kunna verka som eit kontrollorgan i høve til barnevernet si framferd i dei ulike sakene.
 
Det synet som barnevernet på si side stadig gir uttrykk for, er alltid «meir av same slaget». Dei vil ha meir ressursar og barneverns-arbeidarar med høgare utdanning (mastergradnivå). Kvisvik peika òg iherdig på at innan barnevernet så har ein jo allereie «barnet sitt beste i førarsetet».
 
Kvisvik sin kommentar om «barnet sitt beste» avslører at representanten for barnvernstilsette ikkje kan ha teke innover seg at det ikkje minst er nettopp på dette området at barnevernet i altfor stor har svikta! Altfor ofte har det i praksis vist seg at det er omsynet til sjølve barnvernssystemet og dei barnvernstilsette som har sete i både førarsetet og høgsetet hos barnevernet.
 
Kvisvik hevda at det ikkje er rett å byggja opp eit ressurskrevjande system ved sida av det eksisterande systemet. Min kommentar til dette er at det svært tydeleg har vist seg at det finst ein systemfeil i barnevernet. Då nyttar det slett ikkje med «meir av same slaget», men berre med tiltak som kan verka korrigerande i høve til det eksisterande systemet.
 
*
 
Det var òg positivt å høyra det statsråden hadde å seia. Det var viktig at ho mellom anna passa på å nemna foreldre sine rettar – som jo også er eit fokus i rapporten. Det er nettopp rettane til foreldre og nær familie som har hatt ein tendens til å verta trampa på av eit barnevern som stundom har avslørt ein skrikande mangel på respekt i møte med borna sine næraste.
 
Det kan leggjast til at eit anna av tiltaka som er føreslegne, er at aldersgrensa for at eit barn får status som part i saka, vert senka frå 15 til 12 år. Det skal også gjerast betringar i eit barn sitt høve til å klaga og å be om overprøving i saka si. Det tykkjest høgst rimeleg.
 
 
**
 
 
 
Om utvalget:
 
Barnevernsutvalget: Rettssikkerheten er ikke god nok for barn i barnevernet
VG
, 20 mars 2023
 
Ny rapport legges frem – tiltakene skal bedre rettssikkerheten i barnevernet
Aftenposten, 20 mars 2023

Nytt utval for betre kvalitet og rettstryggleik i barnevernet
Regjeringa, 19 mars 2021
 
Føreslår lovendringar for å gi barn i barnevernet betre vern
Regjeringa, 24 mars 2023

 
Se også
 
Sverre Kvilhaug:
Barnevernet i Norge – Befringutvalget
Internasjonal barnevernforskning av betydning for spørsmålet om omsorgsovertakelse er til barnets beste
MHS's hjemmeside, 7 juni 2000
 
Marianne Haslev Skånland:
Vurderingen av det biologiske prinsipp i Raundalen-utvalgets innstilling NOU 2012-5 og i presentasjonen av den
MHS's hjemmeside, 25 oktober 2020
 
 – :  Bravo for en retoriker som karakteriserer det å nekte å gå inn i enkeltsaker
MHS's hjemmeside, 3 september 2017
 
Roy Kanestrøm:
Barnevern og rettssikkerhet
MHS's hjemmeside, 19 mai 2017

Kari Bjørnaas:
Barnevern – fag eller balansekunst?
MHS's hjemmeside, 14 mars 2020
 
Oddvar Espegard:
Om fakta og evaluering av barnevernsarbeidet
MHS's hjemmeside, 23 november 2017
 
Lene Olsen:
Situasjonen i Horten barnevern er dypt foruroligende
MHS's hjemmeside, 5 oktober 2022
 
Olav Terje Bergo:
Hva kan de folkevalgte gjøre med barnevernet?
MHS's hjemmeside, 10 oktober 2022
 
Tonje Omdahl:
Man opplever å miste litt av seg selv og tilhørigheten når barnevernet skiller søsken også
MHS's hjemmeside, 19 desember 2020
 
familien-er-samlet:
Hva er galt med barnevernet?
MHS's hjemmeside, 31 desember 2017

 – :  
Hva betyr egentlig "barnets beste"?
MHS's hjemmeside, 1 oktober 2016

 
 



*