*

13 desember 2019



Kunsten å beklaga

Av Synnøve Bredal Bjelland


• • • •
Innlegget ble publisert i Tysvær Bygdeblad den 12 desember 2019.
Det er publisert her med forfatterens sjenerøse tillatelse.
• • • •


"Eg beklagar at nokre har opplevd å bli krenka".

Dette var ordføraren sitt svar på Ole og Marianne Bjelland sitt krav om ei offentleg beklaging over den urett dei har møtt gjennom barnevernet i Tysvær kommune. Og dette er ein variant som ikkje held mål!

Her står altså den krenka part sine opplevingar i fokus, ikkje dei krenkande handlingane i seg sjølv. Ordføraren seier ikkje: "Eg beklagar dei feilvurderingar og den urett Ole og Marianne Bjelland og borna deira har møtt i Tysvær kommune". Nei, han beklagar deira subjektive opplevingar av dette. Dette er ein klisjé som er blitt hyppig brukt gjennom tidene – ofte av politikarar – og like hyppig blitt avkledd og kritisert. Når skal dei læra?

I kommunestyremøtet i går, etter gjennomgang av budsjett 2020 der det ikkje var manko på vakre formuleringar, stilte Randi Rettedal frå FrP fleire relevante spørsmål til ordføraren om behandlinga i barnevernsaka. Ole og Marianne Bjelland står bak boka "Vi vant over barnevernet", som er ført i pennen av Ådne Bratthammer og Turid Vesterheim.

*

Alle politikarane har fått eit eksemplar av boka. Ho er skriven nettopp for å gi ordførar og politikarar, rådmann og administrasjon og folk flest eit innblikk i det som skjer bak kulissene. Ansvarlege politikarar og administrasjon skal ikkje kunna snu seg vekk og seia at me ikkje visste... Urett skjer fordi altfor mange snur seg bort og ikkje vil sjå, ikkje vil vita, ikkje vil gripa inn, ikkje vil ta ansvar for eigne og andre sine handlingar.

Det har ikkje vore ei enkel avgjerd å skriva denne boka, og ordføraren sa at han hadde respekt for dei som klarte å gjennomføra eit slikt prosjekt. Bortsett frå det, gjekk han ikkje vidare inn i det skrekkscenariet familien har gjennomlevd. Derimot brukte han mykje taletid på å gå gjennom alle forbetringar som har skjedd i kjølvatnet av denne saka. Det var ikkje lite, og det viser jo nettopp at mykje av tidlegare praksis var feilslått og måtte gjennomgå radikale endringar! Kvifor då ikkje beklaga overfor dei som har stått midt oppe i ein feilslått praksis?

Ja, foreldra kunne faktisk bli takka for sitt opprør! Det er jo slik me utviklar oss som menneske og slik me utviklar arbeidsliv og institusjonar. Det blir gjort feil, dei blir retta opp og me går vidare på eit høgare nivå. Korleis ville samfunnet ha sett ut om ingen gjorde opprør?

Randi Rettedal peika på behovet for å bli ferdig med ei sak; få ei beklaging og så gå vidare. Dette er basale menneskelege behov, og må også gjennomsyra våre samfunnsinstitusjonar. Eg saksar frå fleirtalskoalisjonen sitt framlegg i går: "Kommunestyret ynsker ein kommune som møter sine innbyggarar på ein respektfull, innovativ og framsynt måte".

Hr. ordførar, den form for beklaging som vart levert i går, var verken respektfull, innovativ eller framsynt. Eg vil heller karakterisera han som strategisk motivert, heilt i tråd med tidlegare framferd i denne saka. Du skal ha takk for forsøket, men det holdt ikkje heilt mål denne gongen. Det er likevel aldri for seint med ei orsaking frå hjarta.



*

Se også:

Ådne Bratthammer og Turid Vesterheim (2019):
 – Vi vant over barnevernet
Haugesund: Vormedal Forlag

Kjempet mot barnevernet og vant. Når gir paret ut bok om kampen
TV Haugaland, 29 november 2019

"Nissen" ble til "tissen": Misforståelsen som startet barnevernssaken
Dagbladet, 29 november 2019

Ordføraren sa ikkje unnskyld til Bjelland
Tysvær Bygdeblad, 12 desember 2019

Arne A. Kallevik:
Faglig blekksprutaktivitet
MHS's hjemmeside, 13 desember 2019

Ole Bjelland:
Ole Bjelland sine egne ord...
MHS's hjemmeside, 15 desember 2019

*


Tidligere om samme sak og om Tysvær barnevern:

Tysvær barnevern i 2018
med tilllegg av artikler i 2019

MHS's hjemmeside, 8 desember 2018 –




*